Miljødirektoratet har i fleire år samla dei største byane i landet i eit eige nettverk for klimatilpassing, iFront. Denne veka besøkte direktoratet Noradapt og Vestlandsforsking med representantar for dei ti største byane i Norge.
Skal samfunnet greie å hanskast med dei komplekse utfordringane som kjem med klimaendringane, må folk snakke saman og finne løysingar saman på tvers av fag. Det er kjernen i Klimathon, som nyleg vart arrangert for fjerde gong. – Dette blei til som eit forsøk til å gjere noko anna enn å halde foredrag for kvarandre, seier arrangør Mathew Stiller-Reeve.