Noradapt-timen: Klimatilpassing i Norden – status, utfordringar og mogelegheiter

I webinaret Noradapt-timen 25. mai gir Irmelin Gram-Hanssen ved Vestlandsforsking eit innblikk i status, utfordringar og mogelegheiter på feltet klimatilpassing i dei nordiske landa.

Irmelin Gram-Hanssen er seniorforskar ved Vestlandsforsking (Foto: Idun A. Husabø).

Kva er status for klimatilpassing i dei nordiske landa og kva er potensialet for å styrke dette arbeidet? Det tek Irmelin Gram-Hanssen for seg i Noradapt-timen 25. mai kl. 12:15. Webinaret er ope for alle.

Zoom-lenke: https://us02web.zoom.us/j/88256800266

Dei fem nordiske landa

Prosjektet «Komparativ analyse av det tilpasningspolitiske landskapet i Norden» har som mål å undersøke, analysere og samanlikne arbeidet med klimatilpassing i dei fem nordiske landa: Danmark, Finland, Island, Norge og Sverige. Prosjektet undersøker det nasjonale landskapet når det gjeld politikk og lovgjeving, og identifiserer skilnader og likskapar mellom landa for å analysere kva dei har å seie når det gjeld framgang.

Synergiar med andre samfunnsmål

Resultata kan dei nordiske landa bruke til å lære av kvarandre sine erfaringar, til å betre det nasjonale tilpassingsarbeidet og potensielt òg til å styrke det nordiske samarbeidet på dette området.

- Eg kjem til å legge fram konklusjonane våre med særleg vekt på utfordringane og mogelegheitene som ligg i å vidareutvikle tilpassing i dei nordiske landa. Med det meiner eg at vi bør gå i retning av fleire synergiar med sentrale samfunnsmål, som utsleppsreduksjon, vern av naturmangfald og auka sosial rettferd, seier Gram-Hanssen.

Prosjektet er finansiert av den nordiske arbeidsgruppa for miljø og økonomi (Nordisk ministerråd) og leidd av Vestlandsforsking i samarbeid med Stockholm Environment Institute, Universitetet i Helsinki og Danmarks Tekniske Universitet. Arbeidet går ut juni 2023.