Noradapt omfattar forskarar frå åtte forskingsinstitusjonar, og dekker eit breitt fagleg spektrum, frå klimavitskap til samfunnsvitskap. Forskarane bidreg til prosjekta dei er med i ut frå sin faglege profil, og det meste Noradapt utfører av forsking og utgreiingsarbeid er tverrfagleg. Sidan det er samfunnet si tilpassing til klimaendringar forskinga handlar om, legg vi vekt på å trekke inn representantar for ulike samfunnssektorar og institusjonar i forskingsprosessen.

Dei åtte partnarinstitusjonane i Noradapt er Norce (både Norce Klima og Norce Samfunn), Nordlandsforsking, Cicero Senter for klimaforskning, Senter for klima og energiomstilling (CET) ved UiB, Institutt for geografi ved NTNU, Sintef Community (tidlegare Sintef Byggforsk), Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking. Noradapt er styrt av ei leiargruppe der kvar partnarinstitusjon har ein representant.

Vestlandsforsking står for drift og dagleg leiing av Noradapt. Du finn kontaktinformasjon her.