Leiargruppa i Noradapt har ni medlemmer: to frå Vestlandsforsking (leiar og sekretær) og ein frå kvar av forskingsinstitusjonane som er med i senteret.

Carlo Aall (Vestlandsforsking) og senterleiar i Noradapt. Eivind Brendehaug (Vestlandsforsking) er nestleiar i Noradapt og deltek som sekretær i leiargruppa.

Dei andre medlemmane i leiargruppa er Grete Hovelsrud (Nordlandsforsking), Edvard Sivertsen (Sintef Community), Simon Neby (Norce Samfunn), Helene Amundsen (Cicero senter for klimaforskning), Marte Lange Vik (Høgskulen på Vestlandet), Karstein Måseide (Senter for klima og energiomstilling (CET)) og Jan Ketil Rød (Institutt for geografi ved NTNU).