Norsk klimamonitor

 

Norsk klimamonitor samlar inn og deler data om klimatilpassing i heile samfunnet. Tenesta er forankra i Noradapt og breitt koordinert med forvaltning, næringsliv og sivilsamfunn.

Klimatilpassing er vanskeleg å måle. På den eine sida er effektane av klimaendringane uføreseielege og behovet for klimatilpassing vanskeleg å lokalisere. På den andre sida er klimatilpassing òg eit bevegeleg mål: det som fungerte i går, fungerer kanskje ikkje i morgon.

Ny kunnskap kjem stadig til, og prosessane og framgangsmåtane endrar seg heile tida. Kva som blir gjort til ei kvar tid av kven, og korleis, er difor vanskeleg å halde styr på.