Høgare ambisjonsnivå for klimatilpassing i kommunane

Bannerfoto: Flaumsøyle på Voss. Foto: Idun A. Husabø

Ambisjonsnivået og viljen til å drive klimatilpassingsarbeid i kommunane har auka. Likevel er det barrierar som gjer at kommunane ikkje får gjort jobben på den måten dei vil.

Kommunane treng meir ressursar og betre statleg samordning. Det viser resultat frå intervju med leiarar og fagfolk i ti norske kommunar som deltok i KS’ kommunenettverk om klimatilpassing 2022-2023. Rapporten er skriven av stipendiat Torbjørn Selseng ved Vestlandsforsking og er ei oppfølging av Kommuneundersøkinga 2021, som gjekk ut til alle landets kommunar.

Den gong svarte kommunane at bemanning og økonomi var dei desidert største barrierane. Høvesvis 74 og 70 prosent svarte at desse momenta i stor eller svært (meget) stor grad var barrierar i arbeidet. Undersøkinga frå 2021 avdekka òg at kommunane ser på ressursar som ein aukande barriere samanlikna med ei tilsvarande undersøking frå 2017.

Stipendiat Torbjørn Selseng ved Vestlandsforsking (Foto: Idun A. Husabø)

I tillegg til ressursar var manglande statleg samordning ein barriere kommunane opplevde som sterkt aukande.

Aukande ambisjonsnivå

Eit hovudinntrykk frå intervjua er at dei fleste negative trendane som den nasjonale spørjeundersøkinga viste, er knytt meir til høgare ambisjonsnivå i kommunane enn til ein nedgang i ressursar eller forverring av staten si evne til å samarbeide.

- Mykje godt arbeid er på gang i kommunane, men viljen til å drive klimatilpassingsarbeidet vidare er langt større enn vilkåra tillet, seier Selseng.

Organisering og integrering

Manglande interesse for klimatilpassing og for lite midlar gjer at det er reaktiv innsats som pregar klimatilpassinga i Noreg i dag.

- Det må eit skikkeleg uvêr til før midlane kjem. “Bevilgande regn” blir brukt for å skildre fenomenet, og er eit godt etablert omgrep i kommunesektoren, seier Selseng.

Rapporten finn at kommunar som har lukkast med å legge klimatilpassing inn i økonomiplanlegginga, seier at nøkkelen har vore å setje søkelys på dei økonomiske fordelene ved klimatilpassing. Manglande merksemd over tid vil truleg føre til at utgiftene til kommunane aukar mykje samanlikna med kostnadane knytt til å gjere tiltak no.

hindringar

Spor etter flaumen i Voss herad i november 2022 (Foto: Lene Omdahl)

Manglande merksemd og ressursar over tid svekkar motivasjonen og interessa for å drive klimatilpassingsarbeid.

- Når det manglar ressursar til å iverksetje naudsynte tiltak over tid, går det utover lysten til å drive aktivt med klimatilpassing, utdjupar Selseng.

Leiarane i undersøkinga kjenner seg veldig igjen i vurderinga av manglande statleg samordning som ei aukande barriere, slik spørjeundersøkinga i 2021 avdekka. Dei peikar på konfliktar mellom jordvern og samferdsel, mellom natur og klima, og mellom hav- og landforvaltning. Dette kjem sterkt til uttrykk ved ulike og ofte motstridande signal frå statlege myndigheiter.

- Enkelte opplever at enkelte sektorar, forvaltningsnivå eller omsyn dominerer over andre. Dette kjem sterkast til uttrykk gjennom at energisektoren har unntak frå plan- og bygningsloven, seier Selseng.

Fagområde med utfordringar

Dei tre områda kommunane opplevde som mest utfordrande i 2021, var avløp/overvatn, veg/gate/park og landbruk. Informantane i den nye undersøkinga meiner at årsaken til at desse områda blir oppfatta som mest krevjande, er at det er dei kommunane har jobba lengst med, har mest kunnskap om og størst kjennskap til tiltak og konsekvensar, samtidig som dei ser eit vedvarande udekka behov.

- Samstundes er det ein fare for at meir gradvise og indirekte hendingar, som aukande råteskader, havnivåstiging eller migrerande sjukdommar, ikkje får tilstrekkeleg merksemd og prioritet når det heile tida manglar ressursar til klimatilpassing, føyer Selseng til.

Les rapporten