Alt kostar – men ikkje alt har ein pris
Både det å tilpasse seg klimaendringane, og det å late vere, har ein pris. Det er eitt av hovudmomenta utvalet løftar fram. Samtidig har utvalet berre kunna rekne på kostnader for eit fåtal av konsekvensane dei omtalar, på grunn av mangelfullt kunnskapsgrunnlag.
Desse utrekningane viser mellom anna at kostnader knytt til vedlikehald av vegar vil bli 2,6 gonger større enn i dag, som følgje av havnivåstigning og stormflo. Skadekostnader frå flaum og skred på private bygg vil auka med 32 %. Begge anslaga er basert på eit moderat utsleppsscenario.
Mange andre kostnader vil komma langt fram i tid, og storleiken på slike framtidige skadar er vanskeleg å berekne.
- Me reknar med at dei verkeleg store endringane for det norske samfunnet vil kome som følgje av klimaendringar i andre land, men det har lege utanfor mandatet til utvalet å gå grundig inn på dette, fortel Dannevig.
I tillegg peikar utvalet på at me som samfunn ikkje kan tilpasse oss alle konsekvensane av klimaendringane. Difor er utsleppsreduksjon også heilt avgjerande for å avgrense skadeomfanget. Dessutan vil klimaendringane ramme oss ulikt. Ei omstilling kan gje store kostnader, noko ikkje alle har råd til.