Grenseoverskridande klimarisiko i fokus på NOCCA 2025

Noradapt, ved Vestlandsforsking, var godt representert på den nordiske klimatilpassingskonferansen i Finland i midten av mai, som eitt av få norske forskingsmiljø. Klimarisiko som får konsekvensar på tvers av landegrenser var eit sentralt tema på denne sjuande utgåva av konferansen NOCCA.

Frå Vestlandsforsking stilte Idun A. Husabø, Halvor Dannevig, Carlo Aall, Torbjørn Selseng og Tara Botnen Holm på NOCCA 2025 i Rovaniemi. Halvor Dannevig deltok gjennom rolla si i eit regjeringsoppnemnd ekspertpanel. Foto: Stéphanie C. Lefrère

– Grenseoverskridande klimarisiko er eit blindpunkt i klima- og matdebatten, sa Carlo Aall ved Vestlandsforsking frå scena i Lappia Hall i Rovaniemi 14. mai. Aall er ein av veteranane på NOCCA, ein serie nordiske konferansar om klimatilpassing som vart til etter at Aall og forskarkollegaer fekk ideen på eit prosjektmøte i Fjærland for kring 15 år sidan.

Sidan 2010 har konferansen gått på omgang mellom Sverige, Norge, Danmark, Island og Finland. Etter ein konferanse i Reykjavik i 2023, var turen komen til Finland, der det finske skog- og landbruksdepartementet har det overordna ansvaret for klimatilpassing. Departementet samarbeidde med ein annan veteran i nordisk forsking på klimatilpassing, professor Sirkku Juhola ved Universitetet i Helsinki, som leier Noradapt sitt internasjonale vitskapsråd.

Lappia Hall, reist i tre trinn frå 1961 til 1975, er teikna teikna av den finske arkitekten Alvar Aalto i modernistisk stil. Takforma skal vise til landskapet i finsk Lappland og gir assosiasjonar til nordlys i mørket, når bygget er lyssett. Foto: Idun A. Husabø

Konferansen NOCCA 2025 gjekk føre seg i Rovaniemi i finsk Lappland 14. og 15. mai, med ei overvekt av deltakarar frå finsk statsforvaltning, men òg representantar for forvaltning og forsking i dei andre landa. Noradapt var solid representert ved ein delegasjon frå Vestlandsforsking og ved det internasjonale vitskapsrådet.

Bøndene ser problemet

Som senterleiar Aall trekte fram då han heldt innlegg på konferansen, har klimarisiko sigla opp som eit nøkkelord i fagrapportane frå FNs klimapanel. Nordisk Ministerråd har finansiert forsking på grensekryssande variantar av klimarisiko, der ideen er at verknaden ikkje berre er lokal, men får konsekvensar i andre land fordi dei er tett bundne saman gjennom finans, handel og andre system. Noradapt har forska på grenseoverskridande klimarisiko («trans-boundary climate risks» eller TBC), mellom anna gjennom forskingsprosjektet TransAdapt, som Noradapt finansierer internt. Der har forskarane sett på kjøtproduksjon på Vestlandet og havbruk i Nord-Noreg.

I innlegget sitt 14. mai viste senterleiar Carlo Aall til jordbruket i Lærdal, som er eit case i prosjektet TransAdapt. Biletet på skjermen tilhøyrer Sogn Frukt og Grønt SA. Foto: Idun A. Husabø

I innlegget sitt sa Aall at det har vore merkbart at sauebøndene i heimregionen hans både går god for at dei blir påverka av klimaendringar som skjer i andre land og viser forståing for at det kan vere nødvendig å tilpasse seg til problemet.

På spørsmål frå finsk hald om kva som har «vekt» Norge når det gjeld denne typen klimarisiko, peikte Aall tilbake på 2020.

– Heilt klart pandemien. Og på toppen av det, sjølvsagt krigen i Ukraina, som gjorde innsatsfaktorar dyrare, sa Aall.

Sterk Noradapt-deltaking

Frå Vestlandsforsking og Noradapt deltok fem personar, og ph.d.-stipendiatane Tara  Botnen Holm og Torbjørn Selseng heldt faglege innlegg knytt til doktorgradsprosjekta sine.

Tara Botnen Holm var med i den same parallellsesjonen som Carlo Aall, og tok for seg ein del av den kritiske infrastrukturen, forsyningssikkerheit i energisektoren - nok eit samfunnsområde der land i Europa er gjensidig avhengige av kvarandre, på godt og vondt.

Stipendiat Tara Botnen Holm frå Vestlandsforsking heldt eit innlegg i ein parallellsesjon om grenseoverskridande klimarisiko. Arbeidet hennar er knytt til forskingsprosjektet SusRenew, og fornybar energi og forsyningssikkerheit er viktige stikkord. Foto: Idun A. Husabø

Holm viste til hendingar som det store straumutfallet i Spania og Portugal like før konferansen, der det vart klart for mange kor sårbare ein har gjort seg ved å elektrifisere stadig nye funksjonar i samfunnet, slik at togpassasjerar blei sitjande fast i undergrunnen og bebuarar i leiligheiter ikkje fekk låst seg inn i husa sine.

Holm er med i eit forskingsprosjekt om akilleshælen til framtidas energisystem i Europa, nemleg kva som vil skje når fornybar-graden er langt høgare enn i dag og det blir situasjonar med for låg produksjon.

Framtidas energisystem i Europa vil kunne vere meir utsett for episodar som den vi såg skje i Spania og Portugal nyleg, enn dagens energisystem. Førebels er energiselskapa lite opptekne av problematikken, viser forskingsfunna til Tara Botnen Holm. Foto: Idun A. Husabø

– Spørjeundersøkingar og intervju med norske energiselskap viser at sjølv om forsyningssikkerheit opptek næringa, er ein ikkje er veldig bekymra for slike situasjonar. Medvitet har heller ikkje auka nemneverdig til no, seier Holm.

– Dette betyr òg at lite er blitt gjort i form av tilpassing og planlegging for utfordringar som kan kome når vi har eit fornybarsamfunn og det oppstår situasjonar der vinden ikkje bles og sola ikkje skin, på tysk kalla «Dunkelflaute», sa Holm.

Majoriteten av deltakarane var finske, og arrangørane håpar på fleire frå kvart land når konferansen blir arrangert att om to år. I framgrunnen, til høgre, er Asgeir Sorteberg frå Universitetet i Bergen og Halvor Dannevig frå Vestlandsforsking, begge medlemmer av ekspertpanelet som førebur ein NOU om samfunnsøkonomiske konsekvensar av klimaendringane. Eit tredje medlem av ekspertpanelet, Gunn-Britt Retter i Samerådet, stiller spørsmål i bakgrunnen. Arbeidet deira skal munne ut i ein rapport om temaet, og ekspertpanelet følgde konferanseprogrammet i tillegg til å halde eigne, parallelle møte. Foto: Idun A. Husabø

Kommunetilsette snakkar ulike språk

Torbjørn Selseng heldt innlegg på ein parallellsesjon om nye tilnærmingar til klimatilpassing i Norden. Han snakka om kommunane sitt arbeid med klimatilpassing, som er tema for doktorgradsarbeidet han snart skal avslutte ved Høgskulen på Vestlandet.

Stipendiat Torbjørn Selseng frå Vestlandsforsking heldt innlegg i ein parallellsesjon 15. mai. Foto: Tara Botnen Holm

Selseng ser på språket dei ulike kommunetilsette brukar om utfordringar, problemstillingar, løysingar og tiltak knytt til klimaendringane og klimatilpassinga av samfunnet, og brukte ein metafor om samanfiltra garn av ulike fargar og kvalitetar for å skildre den tverrfaglege realiteten «på bakken» i norske kommunar.

– Arbeidet med berekraftig klimatilpassing blir ofte sett på prøve i kommunar der ulike fagtradisjonar med ulike problemforståingar løyser oppgåver kvar for seg, ofte utan omsyn til kvarandre og andre utviklingsmål. Målet med ph.d.-prosjektet er å få kommunetilsette med ulik fagbakgrunn til å forstå kvarandre betre og snakke betre saman, sa Selseng. 

Rovaniemi er Lappland sin hovudstad, og kulturelt og kommersielt sentrum i landsdelen. Byen ligg ved deltaet der elvane Ounasjokis og Kemi älv møtest. Polarsirkelen går gjennom kommunen, som har litt over 60.000 innbyggarar. Byen vart brend av tyskarane i 1944 i Lapplandskrigen, men blei gjenoppbygd i 1945–1952 etter planar av Alvar Aalto. Foto: Idun A. Husabø

Tilbakeblikk frå initiativtakarane

Då konferansen skulle rundast av, vart to av opphavspersonane til NOCCA inviterte opp på scenen. Senterleiar i Noradapt, Carlo Aall, og Sirkku Juhola frå Universitetet i Helsinki, såg tilbake på alle konferansane nettverket deira har organisert sidan 2010. Sirkku orienterte om eit nyskipa nettverk etablert av NOCCA, med namnet NECCA, som har som mål å engasjere så mange som mogeleg frå klimatilpassingsforskinga og fremme samarbeid på tvers av landa i Norden i tematiske arbeidsgrupper.

Frans Berkhout frå King’s College i London, som er medlem av Noradapt sitt internasjonale vitskapspanel, heldt eitt av hovudinnlegga i Rovaniemi. Foto: Idun A. Husabø

– Med denne konferansen meiner eg vi har nådd ein god tematisk balanse, men vi må spørje oss sjølve om vi kan legge noko verkeleg nytt på bordet, og strekke oss mot det, sa Aall, som òg ønskte å få talet på deltakarar opp mot 400.

Når dei vart spurde om å sjå to år fram i tid, var både Juhola og Aall tydelege på at grenseoverskridande klimarisiko kjem til å halde fram med å vere aktuelt.

– Også naturbaserte løysingar og definitivt sikkerheitstematikken, så kanskje vi bør møtast på Grønland neste gong, sa Aall, som la til at det er nødvendig å ta tak i vippepunkt.

– Kan vi nå desse punkta? Det vil i så fall ha alt å seie for forskinga vår, avslutta Aall.