Noradapt inntek Arendalsveka

14. august set Noradapt klimatilpassing på agendaen på Arendalsveka.

Noradapt står bak to ulike arrangement om klimatilpassing, som finn stad i GRIDs bakgård på Teaterplassen 3 i Arendal.  

10:00-10.45: Vippepunkt klimatilpassing

Til no har «vippepunkt» stort sett vore eit tema i naturvitskapleg klimaforsking, der ein analyserer korleis klimaendringar kan føre til irreversible endringar – sjølv om ein oftast vurderer sannsynet som lågt. Samfunnsforsking og politikk for klimatilpassing har i liten grad tatt opp dette temaet. Eit unntak er små øystatar som står overfor havnivåstiging, der tilbaketrekking kan vere det einaste alternativet.

I dette arrangementet vil vi utfordre den tilbakehaldenheita vi har sett i både forsking og politikk når det gjeld vippepunkt og klimatilpassing. Vi stiller spørsmålet: Korleis kan samfunnsforsking og samfunnet elles møte slike potensielt dramatiske konsekvensar av klimaendringane?

Arrangør: Vestlandsforsking/Noradapt

 12:00-13:00: Klimalønsj - Spør ein forskar om klima- og miljøspørsmål

Brenn du for klima- og naturrisiko, klimatilpassing eller andre viktige klima- og miljøspørsmål? Møt våre forskarar til ein uformell samtale. Dei er ekspertar på ei brei vifte av klima- og miljøspørsmål og vil gjerne slå av ein prat med deg. Vi byr på gratis lunsj og ein interessant prat (OBS: dette er eit mingle-arrangement, ikkje ein panelsamtale).

Arrangør: Vestlandsforsking/ Noradapt

13:00-13:45: Klimarisiko, handel, sikkerhet- når fleire kriser møtes

Denne økta vil dykke ned i samspelet mellom tryggleik, handel og grensekryssande klimarisiko. Korleis påverkar desse temaa kvarandre i ei uroleg verd, og korleis kan ein lage gode løysingar som varer over tid?

Arrangør: Noradapt, SEI, Cicero, Nordlandsforskning, Vestlandsforsking

Debatt om klimatilpassing i regi av Noradapt under Arendalsuka i 2023. Foto: Vestlandsforsking


(Toppfoto: Mona Hauglid / Arendalsuka)