Det er ei av anbefalingane frå prosjektet Balancing Act, som dei siste fire åra har undersøkt korleis reiselivsnæringa kan skape nye og berekraftige moglegheiter på eit Svalbard i endring.
«Sustainable Tourism in Svalbard - A Balancing Act» har vore eit samarbeid mellom turistaktørane AECO og Visit Svalbard, og forskarar frå Nordlandsforskning, Vestlandsforsking, Unis og NINA.
Prosjektet, som blei avslutta ved årsskiftet, har identifisert ei rekke utfordringar for reiselivet på øygruppa, men òg forslag til løysingar. No er nøkkelfunna frå Balancing Act samla punktvis i eit lett tilgjengeleg dokument, som kan brukast av både næringa sjølv og styresmaktar.
Eit av funna er at styringa av reiselivet er fordelt på for mange instansar.
– Reiselivspolitikken fell under fleire departement , inkludert miljøforvaltning, næring og justis, og skal også utviklast lokalt, noko som fragmenterer ansvaret og gjer koordinering vanskeleg, seier Grete Hovelsrud, som er seniorforskar ved Nordlandsforskning og har vore prosjektleiar for Balancing Act.
– Vi anbefaler å etablere ei sentralisert, overordna reiselivsmyndigheit for å effektivisere styringa og utvikle ein samla politikk som samsvarar med både miljøvern og økonomiske behov, seier ho.
Konkurrerande krav
Mindre havis, større fare for skred, tindande permafrost og endringar i dyrelivet er nokre av konsekvensane av at gjennomsnittstemperaturen aukar på Svalbard.
– Varmare klima fører også til redusert havis og lengre somrar, noko som gjer båtsesongen lenger og gjer at ein kan nå område som tidlegare var utilgjengelege, seier Hovelsrud.
– Men dette aukar eksponeringa av sårbare økosystem for forstyrringar, påpeikar ho.
Det sårbare økosystemet er beskytta av strenge reguleringar. Desse reguleringane skapar ofte konkurrerande krav mellom miljøvern og økonomisk utvikling.
– Reguleringane fungerer ikkje optimalt. Blant anna blir fastbuande og turistar behandla ulikt, i høve til tilgang og mobilitet. I tillegg gjer rigide søknadsprosessar det vanskeleg for næringa å tilpasse seg klimaendringane, seier Hovelsrud.
– Noverande politikk manglar klare mål for næringsutvikling, noko som skapar usikkerheit for reiselivsaktørar om den langsiktige drifta.
Ein samlande instans
Balancing Act har identifisert ei rekke tiltak som kan styrke reiselivsnæringa, utan å forsake verken miljøvern eller godviljen til lokalbefolkninga.
– Å auke fleksibiliteten i regelverka, særleg når det gjeld planlegging av aktivitetar og respons på miljøtilhøve, kan hjelpe næringa å tilpasse seg meir effektivt, seier Hovelsrud.
– I tillegg anbefaler vi å styrke lokalsamfunnet si medverknad i planlegginga av reiselivet, slik at lokale perspektiv er med å legge premissa for turismen.
Prosjektet slår fast at samarbeid på tvers av sektorar – mellom reiselivsaktørar, lokalsamfunnet, styresmakter og forskarar – vil være avgjerande for å utvikle løysingar som tener alle partar. Men for å samle alle desse trådane, trengs det ein eigen instans.
– Ei sentralisert reiselivsmyndigheit kan effektivisere styringa og utvikle ein samla reiselivspolitikk for Svalbard, seier Hovelsrud.
(Bannerfoto: Jarle Røssland / Visit Svalbard / nordnorge.com)