Tradisjonen med å svi lyngen på kysten strekker seg langt tilbake, men dei fleste stader har tradisjonen gått ut av bruk. No blir denne delen av kulturarven henta fram att i klimatilpassinga sitt namn.
Tekst: Siri Veland (tilpassa av Idun A. Husabø)
Dei siste åra har klimaendringane bidrege til høgare skogbrannrisiko og fleire sjokkerande brannar over heile verda. Overraskande tørkeperiodar og øydeleggande skogbrannar der flammane kjem ut av kontroll, har truga hus, hytter og heile lokalsamfunn langs kysten, både i Norge og andre land.
Kulturbaserte løysingar i tilpassinga til klimaendringar var tema for den nyaste utgåva av Klimathon, ein tverrfagleg idéverkstad for klimatilpassing med utspring i forskingsmiljø på Vestlandet. 2024-utgåva av arrangementet fann stad sist oktober i Haugesund.
Grunneigarar Torbjørn Larsen starta med lyngsviing i området Rydalsmarka saman med fire andre. Dei har halde på sidan 2018. Foto: Idun A. Husabø
Der la forskar Siri Veland frå Norce fram døme på korleis vi kan gå finne gode løysingar på klimarelaterte problem i vår eigen kulturarv. Saman med gjestande forskarar frå Irland og California, gav ho tilhøyrarane innblikk i korleis brannfolk, grunneigarar, og frivillige kan hente fram att lyngsviing frå gløymsla. Akkurat som dei naturbaserte løysingane i klimatilpassinga skal ha fleire fordeler, har denne kulturbaserte løysinga fleire positive verknader, både når det gjeld samfunnstryggleik, beitekvalitet, bevaring av landskapsverdiar og biologisk mangfald.
Lyngsviing var òg tema for eit seminar på Ryvarden fyr på dag 3 av Klimathon. Her deltok ulike fagfolk med ei felles interesse for temaet, både frå Norce, Vestland fylkeskommune, Rogaland fylkeskommune, Haugesund kommune og Vestlandsforsking.
Siri Haugum frå Lyngheisenteret på Lygra fortel kvifor torvmosen held på så mykje vatn og kvifor det er viktig å velje rett tid på året og rette vêrforhold når ein skal gjennomføre kontrollert brenning i kystlyngheia. Foto: Idun A. Husabø
Fleire tusen år gamal tradisjon
Fyret ligg i Sveio, som truleg har hatt Norges største område med kystlynghei.
– Tradisjonen med å svi lyng går fleire tusen år tilbake i tid. Tradisjonen strekte seg frå Norge og ned heile atlanterhavskysten i Europa, fortel Siri Veland, og viser til at namnet «Sveio» på norrønt tyder «svidd stad».
Røsslyng reagerer positivt på røyk, fortel Siri Haugum. Det har å gjere med tusenårige tradisjonar med sviing av lyngheia. Foto: Idun A. Husabø
Lyngsviing danna ein del av inspirasjonen til utvikle omgrepet kulturbaserte løysingar. Kystlynghei er ein del av vår materielle kulturarv, medan lyngsviing er ein praksis, og såleis ein del av den ikkje-materielle kulturarven. Medan praksisen i tidlegare tider skulle skape beite, bidreg han i dag til å redusere faren for såkalla «villbrann» ved å fjerne død og tørr vegetasjon og la det spire og vekse fram nytt. Lyngsviing tek òg knekken på flått, gir godt beite for sau, geit og storfe, fremmar pollinerande insekt, beskyttar karbonrik torv og hindrar det raudlista landskapet i å gro att.
Praksisen liknar derfor naturbaserte løysingar, i at ein bruker naturen til å takle naturfarar og bevare biologisk mangfald.
– Det som skil seg ut, er at denne løysinga krev organisering og kultur for å skje på ein skånsam og trygg måte, seier Veland.
– Må til for at sauene skal beite
Ein grunneigar i området Rydalsmarka delte erfaringane sine med å svi lyng, ein praksis han tok opp i 2018. Torbjørn Larsen sin del av kystlyngheia hadde ikkje vore skjøtta sidan 1980-talet. Beitelaget hans vart registrert i Brønnøysundregistera etter ein prosess med kartlegging av kystlyngheia og eit forprosjekt. Det er fire medlemmer i laget, og dei disponerer til saman 4500 dekar inngjerda beite.
– Sviinga skjer på vinterstid når marka er frosen og ikkje tek fyr, fortalde Larsen. Brenninga vert gjort i samarbeid med Haugaland brann og redning, med hjelp frå naboar. Dei bruker dryppfakkel med ei blanding av diesel og bensin som tennkjelde. Elden styrer dei med lauvblåsarar.
– Det er eit arbeid å gjere seg kjent for turgåarar i området. Stiane er flittig brukte, og turistar treng å lære om både eld, beitedyr, og anna tilkomst for skjøtsel for å ferdast trygt.
Storbrann i 2012 var vendepunkt
Stabsleiar Tore Johann Enerstvedt frå Haugalandet brann og redning fortalte at skjøtselen av kystlyngheia fekk sin tilbakekomst på Haugalandet som følgje av ein storbrann 28. mai 2012. Brannen råka 11 eigedomar over opp mot 3000 mål lyng, kratt, skog, og mark.
Dette var i ein varm periode på våren då terrenget var svært tørt. Det bidrog til at det var uhyre vanskeleg å sløkke brannen heilt.
– Slike villbrannar i varmt vêr gjer at torva under lyngen også tek fyr. Torva kan ligge og ulme over lang tid, og med rette forhold kan brannen blusse opp att, sa Enerstvedt.
Øver på brann med bøndene
I dag driv Haugalandet brann og redning vernande branndrillar på vinterstid i samarbeid med grunneigarar. For brannvesenet er det eit godt høve for å trene mannskap på sløkkingsarbeid.
Det er også nyttig for grunneigar fordi det fjernar daud og tørr biomasse og gir plass til ny og næringsrik vekst. Sviinga skjer etter nøye planlegging, der mønsteret følger forhold i vêr, vegetasjon, og terreng.
– I område der det nyleg har vore lyngsviing, er det mykje vanskelegare å tenne på vegetasjonen, fortel Enerstvedt.
Langs heile kysten står det likevel att mykje som treng brann.
– I framtida er det eit mål å brenne i eit mosaisk mønster, slik dei gjer i Skottland, men i dag er det mykje gamal, overgrodd og brennbar vegetasjon som krev innsats før lyngsviinga er innarbeidd att, seier Siri Veland.
Organisert brenning i California
Skogbrannane i California er kjende verda over, og stadig fleire innser at dei katastrofale øydeleggingane òg er resultat av å stikke kjeppar i hjula for kontrollert, førebyggande brenning. Politikarar, organisasjonar og lokalsamfunn ønsker no å finne måtar å redusere faren for villbrann på.
Med seg til Haugesund og Ryvarden hadde Veland to som kunne fortelje om organisert brenning i andre land. Masterstudenten Jannike Allen frå San Jose State University i USA fortalde korleis huseigarar i brannutsette California må lære seg å leve trygt i samspel med natur der kraftige villbrannar har herja dei seinare åra.
Jannike Allen frå San Jose State University i USA. Foto: Idun A. Husabø
– California vart brent av urbefolkninga i fleire tusen år før europearar kom og forbaud det, men praksisen er nær utdøydd, fortalde Allen. For å bringe elden tilbake, undersøker ho kva type brannar som er livbringande og kva brannar som er øydeleggjande.
I område med busetnad er det eit alternativ å bryte ned vegetasjonen mekanisk før brenning. Metoden hjelper ikkje planter som treng varme og røyk for å trivast, men forskinga bidreg til å utvikle nye måtar å leve med slike landskap i framtida.
Spencer Kleinfelter frå organisasjonen Central Coast Prescribed Burn Assocation i California fortalte om motivasjonen for «prescribed burn associations» eller regionale brannlaug. Dette er foreiningar der grunneigarar og andre innbyggjarar samarbeider om å førebygge attgroing. Samarbeidet kom til tidleg på 1990-talet då rancharar i sletteområdet Great Plains ville hindre attgroing på dei store grasslettene. Kleinfelter sin organisasjon tilbyr òg opplæring.
Organisert brenning av lynghei er på veg tilbake. Foto frå ein av presentasjonane på seminaret i oktober 2024.
Spirer raskare med røyk
Lyngheisenteret på Lygra nord for Bergen tok seminardeltakarane med på ein omvising ute i kystlyngheia ved Ryvarden for å snakke om økologien i dette raudlista landskapet.
Siri Haugum fortalde at dette kulturlandskapet har vore skjøtta av menneske gjennom fem tusen. Dei vanlegaste lyngsortane er røsslyng, purpurlyng og klokkelyng, som veks i lag med artar som krekling, torvmose, hinnebregne og einer. Særleg røsslyngen har tilpassa seg mennesket si sviing
Røsslyng ved Ryvarden fyr. Foto: Idun A. Husabø
– Planta reagerer på røyk med å auke hastigheit på spiringa, fortalde Haugum.
Torvmosen veks svært sakte, berre ein millimeter i året. Planta har evna til å halde på store mengder vatn og skaper eit anaerobisk miljø der torva blir ein slags kalender: 50 centimeter torv vitnar om 5000 års vekst.
Lagrar meir karbon enn granskog
Torvmosen gjer og at jordsmonnet i kystlyngheia skil seg frå anna jordsmonn ved at det inneheld svært mykje karbon.
– Til samanlikning lagrar granskogen per areal langt mindre karbon, fortalde biologen.
Nibio si oversikt over karbonlagring i Norge har likevel ikkje teke med den karbonrike kystlyngheia, slik at dei går glipp av eit viktig økosystem i rekneskapen sin.
Når landskapet ikkje vert brent over tid, veks lyngen seg tjukk og tørr, medan einane veks seg store. Då er det eit særs brennbart landskap som veks seg fram. Når det først tek fyr, brenn torva velvillig, og heile jordsmonnet kan svinne, medan karbonet er slept fri i atmosfæren.
– Difor er det mange viktige grunnar til å ta vare på denne naturtypen, og då trengst det både sviing og beiting, sa Haugum.
– Ei evighetsmaskin
Torhild Kvingedal, dagleg leiar ved Lyngheisenteret fortalde at lyngsviinga i Nordhordland starta 2800 år f.Kr. og var ein del av fiskarbondens levesett, i kombinasjon med beitebruk og fiske. Innmarka låg inngjerda og garden samla ressursar frå grasmarka, kystlyngheia, frå havet, og frå torva for både matsikkerheit, klede, og utstyr.
– Drifta er ei ‘evigheitsmaskin’ når systemet er i balanse, men så snart drifta avsluttast og lite eller inga beiting og sviing skjer, blir balansen broten og skogen tek over.
Villsauer på Vibrandsøy ved Haugesund. Foto: Idun A. Husabø
På Lygra skjedde dette gjennom utskiftinga i 1890 der klyngetun vart brote opp til fordel for individuelle bruk. Dette gjorde det lettare å drive moderne landbruk.
Kvingedal minte om at kystlyngheia historisk dekte heile atlanterhavskysten frå Noreg og ned til Middelhavet.
– I dag er nitti prosent av området forsvunne på grunn av attgroing, meir intensivt landbruk, eller utbygging.
Sørværet Villsau
Med lang erfaring frå sauehald på øya Værlandet i Askvoll, fortalde bonde og forfattar Hilde Buer om villsaudrift. Saman med Anders Braanaas forvaltar ho 5000 dekar jord, der 300 villsau beiter. Sauene går ute heile året og beitar på lyng. I harde vintrar får dei tilleggsfôr.
Saman med andre fastbuande på Værlandet og omland, har Buer forma Vêr- og Bulandet Lyngbrennarlag. Lyngbrennarane samarbeider om å halde elden i gang og trygge infrastruktur som ikkje toler brann.
– Rett etter sviinga ser ikkje landskapet så pent ut, men spiringa skjer snart etter og gir sauen og andre artar næringsrik mat.
Buer fortel at brenninga berre har fordelar.
– Det reduserer fare for villbrann, gir lettare lende å bevege seg i, meir arts- og landskapsmangfald, betre beite, mindre flått og knott, og eit vakrare landskap.
Kjelder:
Foredrag frå Lyngheisenteret, Universitetet i Bergen, Sveio Brannvesen, grunneigar kring Ryvarden og Wildfire Interdisciplinary Research Center ved SJSU og Central Coast Prescribed Burn Association i California.