I år handlar Klimathon om naturbaserte løysingar

Forskingsmiljø på Vestlandet held16.-17. november ein to dagars arbeidsverkstad om ein svært aktuell del av tilpassing til klimaendringar: - Naturbaserte løysingar er veldig i tida, også frå myndigheitene, og stadig fleire kommunar skal i gang med det framover, seier Hanna Kvamsås i Norce.

Forskingsmiljøa på klimafeltet i Bergen har i fleire år arrangert Klimathon – ein type arbeidsseminar der deltakarane blir fordelte i grupper for å finne løysingar på ei utvald problemstilling. Klimathon er i år eit spleiselag der Noradapt stiller med betydeleg finansiering, med mål om å få endå fleire frå små og mellomstore kommunar til å melde seg på.

Lagt til Voss

Arrangør Hanna Kvamsås ved Norce håpar særleg at kommuneplanleggarar over heile landet vel å ta turen til Voss 16.-17. november.

For å vidareutvikle Klimathon-metoden, prøver arrangørane i år ein ny vri: å flytte Klimathon ut av Bergen til ein mindre kommune med andre erfaringar og utfordringar rundt klimatilpassing. Voss kommune deltek òg på arrangørsida. Med Noradapt-finansieringa skal det ikkje koste noko å delta, ut over overnatting og reise.

– Klimathon ønskjer å teste ut eit format der vi samarbeider tettare med ein enkeltkommune, som Voss, som er midt i prosessen med å vidareutvikle klima- og planarbeidet sitt, seier Kvamsås.

– Samtidig håpar vi å nå kommunar over heile landet, slik som på tidlegare Klimathon.

Kommunane skal i gang med dette

Dei siste åra har det vore mykje snakk om naturbaserte løysingar, samtidig som konseptet er uklart for mange. Det er bakgrunnen for at Klimathon eignar seg fullt og heilt til dette temaet i år.

– Mange kommunar skal til å jobbe med denne tematikken, spesielt sidan statlege planretningsliner seier at ein bør vurdere naturbaserte løysingar når ein skal tenke klimatilpassing i arealplanlegginga. Kommunane vil måtte grunngi det viss dei unngår å velje naturbaserte løysingar, forklarer Hanna Kvamsås i Norce, som sit i gruppa som arrangerer Klimathon.

– Når eit sånt omgrep kjem seglande inn i politikkutforminga, er det viktig for oss å utforske kva som er innafor omgrepet og ikkje. Ein må ta ein del diskusjonar for å finne ut kva ulike delar av forvaltninga og forskinga meiner med det, og prøve å forstå korleis folk jobbar med det.

Tverrfaglege grupper

Arrangørane er nøye på samansetjinga av grupper, og legg opp til å blande folk frå forskingsmiljø, kommunar, fylkeskommunar og konsulentselskap godt, slik at mange syn er representerte ved kvart bord.

Tid og rom til arbeid i tverrfaglege grupper der deltakarane har ulik ståstad og bakgrunn, er litt av det som gjer Klimathon til ei omtykt arbeidsform. Klimathon vart først arrangert på Litteraturhuset i Bergen i 2018. I 2019 vart det halde i Universitetsaulaen, med 98 deltakarar. I 2020 vart arrangementet gjennomført på nett.

– Folk spring jo til vanleg rundt og jobbar med sine ting innafor sine system. Her får ein rom til å jobbe på tvers med eit felles tema. Vi har fått veldig positive tilbakemeldingar i alle åra vi har gjort det, seier Kvamsås.

Tid til samarbeid er ein viktig faktor arrangørane er rause med. Folk får god tid til å sitje ned saman og bli kjende med kvarandre.

– Ein har kanskje inntrykk av at alle kjenner så godt til kva dei andre aktørane meiner om ulike spørsmål, men det stemmer ikkje alltid; tidlegare Klimathon har vist at både forskingsmiljø og forvaltinga dreg nytte av å sette seg ned og jobbe grundig med ei problemstilling i lag.

Håpar på søknadsidéar

Arrangørgruppa har elles håp om at diskusjonane skal leie til spørsmål som kan bli ein del av framtidige forskingsprosjekt og andre typar prosjekt knytt til etablering av naturbaserte løysingar i kommunane.

– Vi håpar på idéar til prosjektsøknader som kan realiserast seinare, seier Kvamsås.

 

Klimathon er eit samarbeid mellom Norce, Vestland fylkeskommune, Noradapt, Vestlandsforskning, Bjerknessenteret, Senter for klima og energiomstilling (CET), Universitetet i Bergen og Norsk Klimaservicesenter.