Noradapt-timen: Korleis planlegge blå-grøn infrastruktur for klimatilpassing?

Hanna Kvamsås frå NORCE i Noradapt-timen 30. september

Stadig fleire byar og kommunar slit med samansette klimautfordringar som må løysast lokalt. Behovet for klimaomstilling, klimatilpassing og klimahandling for å kunne handtere konsekvensane av klimaendringar og tap av biologisk mangfald har aldri vore større.

Hanna Kvamsås (foto: NORCE).

I denne Noradapt-timen vil Hanna Kvamsås frå NORCE sjå på korleis Bergen kommune og Tromsø kommune arbeider med planlegging av blå-grøn infrastruktur som del av sine lokale klimatilpassingsstrategiar.

Bergen og Tromsø er dei to første kommunane i Noreg som har utvikla og vedteke kvar sin Kommunedelplan for overvatn der blå-grøne visjonar står sentralt.

Klimatilpassing dreier seg ofte om å finne tekniske og konkrete løysingar på kriser og risiko. Samtidig er det eit område som krev heilskapleg tenking og samarbeid på tvers av fag og sektor. Spesielt overvasshandtering har dei siste tiåra vorte prega av meir heilskapleg tenking der ein jobbar for å flytte underjordisk infrastruktur i vassrøyr opp på bakken i opne løysingar med grøne element og betre plass til infiltrering og fordøying av vatn. Denne endringa gjer at vatn og avløp som gjennom historia har vore gøymt bort under bakken vert politisert og aktualisert i klimapolitikk, arealforvaltning og byutvikling.

Vannspeil i Håsteinarparken i Bergen. Foto: Hanna Kvamsås

Blå-grøn infrastruktur omfattar både eksisterande naturlege element som elver, bekkar, våtmarker og grøntområde, samt tillaga og natur-hermande løysingar som regnbed, gjenopna bekkeløp og grøne tak. Blå-grøn infrastruktur kan og gi fleire positive fordelar, ofte kalla tilleggseffektar, som energisparing, luftkvalitet, karbonbinding, vassparing, ivaretaking av biologisk mangfald, samt rekreasjons- og folkehelsefordeler. Her er det mykje å utforske!

I Noradapt-timen vil vi komme inn på:

  • Kva er blå-grøn infrastruktur og kvifor er dette aktuelt for klimatilpassing og klimaomstilling?

  • Kva kan andre kommunar lære av det blå-grøne planleggingsarbeidet i Bergen og Tromsø?

  • Korleis kan ein samarbeide for å planlegge blå-grøn infrastruktur i eigen by eller kommune?


Sjå dette og tidlegare webinar i opptak her!

Bannerfoto: Hanna Kvamsås