aktuelt

Tilrår meir statleg styring for å ruste Noreg mot framtidas klima

Torsdag overleverte ekspertutvalet for klimatilpassing rapporten «Noreg i hardt vêr» til Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen. 

Forskingsleiar ved Vestlandsforsking, Halvor Dannevig, var medlem i det regjeringsoppnemnde utvalet som torsdag leverte tilrådingane sine til statsråden frå Klima- og miljødepartementet. Utvalet har vurdert samfunnsøkonomiske konsekvensar av klimaendringane, og føreslår ei rekkje ulike tiltak for å styrke arbeidet med klimatilpassing i Noreg. 

Mellom anna seier utvalet at styresmaktene har eit stort ansvar for å sikre betre kunnskapsgrunnlag og ei tydeleg ansvarsfordeling for tilpassinga. Eit konkret forslag er å utvikle betre system for å samle inn og spreie informasjon, både om framtidig vêr og skadepotensial, men også få betre oversikt over kva som blir gjort, og kan gjerast for å tilpasse seg. 

Halvor Dannevig er seniorforskar og forskingsleiar ved Vestlandsforsking

Alt kostar – men ikkje alt har ein pris

Både det å tilpasse seg klimaendringane, og det å late vere, har ein pris. Det er eitt av hovudmomenta utvalet løftar fram. Samtidig har utvalet berre kunna rekne på kostnader for eit fåtal av konsekvensane dei omtalar, på grunn av mangelfullt kunnskapsgrunnlag. 

Desse utrekningane viser mellom anna at kostnader knytt til vedlikehald av vegar vil bli 2,6 gonger større enn i dag, som følgje av havnivåstigning og stormflo. Skadekostnader frå flaum og skred på private bygg vil auka med 32 %. Begge anslaga er basert på eit moderat utsleppsscenario.

 Mange andre kostnader vil komma langt fram i tid, og storleiken på slike framtidige skadar er vanskeleg å berekne. 

-        Me reknar med at dei verkeleg store endringane for det norske samfunnet vil kome som følgje av klimaendringar i andre land, men det har lege utanfor mandatet til utvalet å gå grundig inn på dette, fortel Dannevig. 

I tillegg peikar utvalet på at me som samfunn ikkje kan tilpasse oss alle konsekvensane av klimaendringane. Difor er utsleppsreduksjon også heilt avgjerande for å avgrense skadeomfanget. Dessutan vil klimaendringane ramme oss ulikt. Ei omstilling kan gje store kostnader, noko ikkje alle har råd til.  

Skjermdump av rapporten, som du finner i sin helhet her.

Skjermdump frå forsida til utredninga. Heile den 250 siders lange rapporten kan du lese her.

Må redusera presset på naturen

Tilgang til natur og areal står sentralt i mange næringar, anten det handlar om utvikling av infrastruktur, turisme, urfolksnæringar eller landbruk. Samtidig truar klimaendringane naturmangfald og økosystem. 

Utvalet framhevar at den beste måten for å redusera skadeomfanget på naturen, er å redusere andre former for press, slik som nedbygging av areal, forureining, og hausting og spreiing av framande artar. 

-        I sum peikar dette på eit behov for ei sterkare styring av arealbruken vår, avsluttar Dannevig.

For å sikre ein meir samordna styring av klima og natur foreslår utvalet å styrke den regionale kapasiteten til å rettleie og styrke kommunane i deira arbeid med klimatilpassing.

Forsidebilete: Espen Bierud, Unsplash

Noradapt-timen: Korleis planlegge blå-grøn infrastruktur for klimatilpassing?

Noradapt-timen: Korleis planlegge blå-grøn infrastruktur for klimatilpassing?

Hanna Kvamsås frå NORCE presenterar “Korleis planlegge blå-grøn infrastruktur for klimatilpassing?”.

I Noradapt-timen 30. september vil vi sjå på korleis Bergen kommune og Tromsø kommune arbeider med planlegging av blå-grøn infrastruktur som del av sine lokale klimatilpassingsstrategiar.