Møt Noradapt på Arendalsuka!

I år finn du Noradapt på Arendalsuka 2024. På eit arrangement 15. august tek vi opp kor vidt Norge har auka innsatsen i klimatilpassinga etter dei store øydeleggingane under “Hans” og utgjevinga av ei stortingsmelding om temaet. Fleire nasjonale nøkkelaktørar stiller til debatt om temaet.

I juni 2023 la tidlegare klima- og miljøminister Espen Barth Eide fram Norges andre stortingsmelding om klimatilpassing. To månader seinare, under Arendalsuka 2023, blei delar av Austlandet råka av ekstremvêret «Hans», som så langt har ført til skadeutbetalingar på kring 3 milliardar kroner. 

Men viser desse hendingane att i form av auka innsats på klimatilpassing i Norge?

Legg fram rangering av kommunane

På arrangementet 15. august, som er organisert av Norsk senter for bærekraftig klimatilpasning (Noradapt), legg vi fram årets rangering av norske kommuner etter fysisk klimarisiko, altså kor utsette dei er for ulike utslag av klimaendringane. 

Som det einaste landet i verda har Noreg no eit system der alle kommunane kan rangerast ut frå fysisk klimarisiko. Grunnlaget er eit sett med indikatorar som skildrar naturfare (korleis klimaet vil endre seg og påverke naturen), sårbarheit (korleis samfunnet endrar seg i retning av å bli meir eller mindre utsett for påverknad av klimaendringar), eksponering (kva for verdiar i samfunnet vi fryktar kan bli negativt påverka), og respons (kva tiltak kommunane set i verk).

 

Første versjon av denne rangeringa la Vestlandsforsking og NTNU fram under Arendalsuka 2023. Årets utgåve av rangeringa har oppdaterte tal og fleire nyutvikla indikatorar.

Tre innlegg

Arrangementet byr òg på tre innlegg. Det første handlar om kvifor det er nødvendig av å skifte fokus frå klimatilpassing av ny busetnad til klimatilpassing av eksisterande busetnad. 

Det andre innlegget tek for seg korleis Noreg førebur seg på verknader av klimaendringar som skjer i andre land. erfaringane med ekstremvêret "Hans".

I det tredje innlegget får vi høyre kva for lærdommar Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har trekt frå 

Desse deltek i debatten:

  • Helge Eide, områdedirektør, Kommunesektorens interesseorganisasjon (KS)

  • Erling Kvernevik, seniorrådgjevar for katastrofeforebygging og klimatilpasning, Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB)

  • Liv Signe Navarsete, statsforvaltar, Statsforvaltaren i Vestland

  • Truls Gulowsen, leiar, Naturvernforbundet

  • Carlo Aall, professor, Vestlandsforsking

  • Jan Ketil Rød, professor, Institutt for geografi, NTNU

  • Berit Time, sjefsforskar, SINTEF Community

  • Erlend Hermansen, seniorforskar, CICERO

  • Anne Karin Hamre (ordstyrar), direktør, Vestlandsforsking

Tre nøkkeltema

I debatten stiller Noradapt tre spørsmål: 

1) Har innsatsen innan klimatilpassing auka etter "Hans" og etter framlegginga av den nye stortingsmeldinga om klimatilpassing (her kalla "Espen" etter statsråden), og er dette i så fall nok til å møte dei utfordringane vi ser komme?

2) Er det område innan klimatilpassing Noreg er særleg gode på og område som til no har falle utanfor?

3) Kva for føringar legg målet om ei berekraftig utvikling på arbeidet med klimatilpassing? Er det noko vi ikkje bør gjere, bør gjere anneis eller bør gjere meir av?

Nasjonale nøkkelaktørar

I debatten deltek representantar for Kommunesektorens interesseorganisasjon (KS), Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB), statsforvaltarembetet, Naturvernforbundet og forskinga.

Noradapt er eit forskningssenter leia av Vestlandsforsking i Sogndal. Samarbeidet har til saman åtte partnarar: Norce, Nordlandsforsking, Cicero, Senter for klima og energiomstilling (CET) ved Universitetet i Bergen, Institutt for geografi ved NTNU, Sintef Community, Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking. 

Samarbeidet vart skipa i 2018 og gjort mogleg gjennom ei årleg, øyremerka løyving over statsbudsjettet. Føremålet med senteret er å skaffe og formidle brukarrelevant kunnskap om korleis Norge kan tilpasse seg klimaendringane innanfor rammene av ei berekraftig utvikling. 

Les meir om arrangementet

Har du spørsmål? Ta kontakt med Noradapt-leiar Carlo Aall, 991 27 222, caa@vestforsk.no