Noradapt-timen 31.10.: Ansvarsfordeling for skredførebygging av eksisterande busetnad

Korleis kan ein skape insentiv til skredførebygging av eksisterande busetnad? Dette høgaktuelle temaet blir teke opp i Noradapt-timen 31. oktober, der du møter stipendiat Lene Sandberg frå UiT og forskar Eli Sandberg i Sintef Community.

Mange eksisterande bygningar kan ha behov for skredførebygging. Men kven har ansvaret for at det skjer? (Foto: Tore Kvande, NTNU)

I kjølvantet av den tragiske hendinga på Gjerdrum er det naturleg å vurdere korleis ein best kan førebygge naturskader i framtida. Eit sentralt, viktig og aktuelt tema er kva slags ansvarsfordeling som er hensiktsmessig med tanke på å sikre auka førebygging av skredfare. Føresetnaden her er at uavklarte ansvarsforhold fører til passivitet og utgjer ein barriere for klimatilpassing. 

Auka fokus på førebygging er nødvendig, ikkje berre for å få ned omfanget av skadeutbetalingar, men òg for at innbyggarane skal kjenne seg trygge. Eit regelverk åleine vil ikkje eliminere risiko, men rettslege verkemiddel og juss kan utgjere eit viktig bidrag for å førebygge skredfare for eksisterande bustader. Slike rettslege verkemiddel må fungere side om side med andre verkemiddel i samfunnet som kan skape insentiv (marknadsstyrte mekanismar som forsikringsløysingar og låneprodukt).

Eli Sandberg (Foto: Sintef Community)

Treng sterkare insentiv for førebygging

NOU 2022:3 har utgreidd spørsmålet om ansvarsfordeling og fremma eit lovforslag. Eit sentralt spørsmål er kva for utfordringar lovforslaget fører med seg, og om lovforslaga skapar insentiv til meir førebygging. Mange peiker på eit behov for å klargjere ansvar, og Lene og Eli Sandberg vurderer at punktet der skoen trykker mest, er å gjere det klart kven som har ansvar for kva når det gjeld førebygging for eksisterande bygningar: Vi treng sterkare insentiv for førebygging.

Lene Sandberg, UiT

Ei proaktiv lov kan bidra til auka førebygging for eksisterande bygningar, men innleggshaldarane stiller eitt spørsmål: Vil utvalet sitt lovforslag bøte på problemet med at folk sit på gjerdet og ventar på at nokon andre skal sikre? Og er det nye lovforslaget faktisk i stand til å auke insentiva for førebygging?

Grunneigarar har mykje å tape

I dette webinaret set Lene og Eli Sandberg søkelys på utfordringar knytt til å operere med eit utgangspunkt om at grunneigarar har ansvaret for å sikre eigen eigedom, med tanke på insentiv til førebygging for eksistande busetnad. Dei vil mellom anna skissere ei mogeleg tapsliste for ein grunneigar som er "fanga i faresona".

Dei vil òg diskutere korleis finansbransjen, gjennom lån og forsikring, kan ta eit større ansvar når det gjeld førebygging (framfor gjenoppretting) mot klimarelaterte skadar for eksisterande busetnad.

Denne utgåva av webinaret Noradapt-timen er spesielt relevant for juristar og andre som er opptekne av eventuelle verknader av lovforslaga i NOU 2022:3 og insentiv til førebygging.

Sjå dette webinaret og fleire i opptak her!

Om innleiarane: Lene Sandberg er ph.d.-kandidat ved det juridiske fakultet på Norges Arktiske Universitet UiT. Eli Sandberg er forskar i Sintef Community.

Bannerfoto: Masterfiguren Klima 2050