Kronikk om havforsuring og dagsorden

Kva gjer du når du vil rope varsko, men manglar både isbjørn og plastkval?, spør kommunikasjonsansvarleg i Noradapt, Idun A. Husabø i kronikken “Surt hav er ikkje sexy”.

Med utgangspunkt i erfaringar frå prosjektet AcidCoast, der Noradapt-partnarane Vestlandsforsking og Nordlandsforskning har delteke, skriv Husabø om utfordringane med å komme på dagsorden med eit miljøproblem som dette:
”Havforsuring som forskingsområde har dessverre ingen «plastkval» som med sin tragiske død kan vekke kollektiv harme og utløyse folkeleg plastplukking på stranda. Vi har ikkje klimaproblemets isbjørn som med si kvite uskuld får oss til å kjenne på sorg eller skam”.

Les heile kronikken “Surt hav er ikkje sexy” (15.6., forskning.no)