Kronikk om tilpassing til havforsuring

Laksedøden i Nord-Norge viser kor viktig tilpassing til havforsuring blir i åra framover, slår forskingsleiar Halvor Dannevig ved Vestlandsforsking fast i Dagens Næringsliv 25. mai.

Forskingskronikken “Surere hav gir giftigere alger” vart publisert i Dagens Næringsliv 25. mai. I kronikken viser Halvor Dannevig til den giftige algen som sidan 14. mai 2019 har teke livet av tonnevis med oppdrettslaks i Nordland og Troms og ført til katastrofale økonomiske tap. Dannevig minner om at algeproblemet er eit forvarsel på korleis havforsuring vil kunne råke livet i fjordar og hav.

Forsuringa skuldast at høge konsentrasjonar av karbondioksid i atmosfæren får havet til å ta opp ein stor del av dei menneskeskapte utsleppa. Konsekvensen er ein stadig synkande pH-verdi i havet. Denne utviklinga vil mellom anna gjere det meir sannsynleg med algeepisodar som den vi ser i Nord-Norge våren 2019. Forsking tyder òg på at algene i framtida kan få endå større skadeeffekt som følgje av forsuringa; algane kan rett og slett bli giftigare for fisken.

Skjermpdump av forskingskronikken frå Dagens Næringsliv 25.5. 2019.

Skjermpdump av forskingskronikken frå Dagens Næringsliv 25.5. 2019.

Dannevig forklarer kvifor tilpassing til havforsuring er nødvendig og understrekar at tiltaka må setjast inn lokalt. Forskingsprosjektet AcidCoast, der Vestlandsforsking, NIVA og Nordlandsforsking deltek, er utgangspunktet for kronikken. Prosjektet er leidd av Vestlandsforsking og blir avslutta i 2019.

Les òg NRK-saka Klimagasser kan gjøre dødsalgen mye giftigere (NRK Nordland, 26. mai 2019).