Nasjonalpark-kommunane under lupa

Dette er forskarane i prosjektet: Halvor Dannevig (prosjektleiar), Mari Hanssen Korsbrekke, Idun A. Husabø og Eivind Brendehaug. Ein femte nøkkelperson er Bjørn Åge Jenssen, dagleg leiar i Norges Nasjonalparkkommuner. (Foto: Tone Rusdal)

Dette er forskarane i prosjektet: Halvor Dannevig (prosjektleiar), Mari Hanssen Korsbrekke, Idun A. Husabø og Eivind Brendehaug. Ein femte nøkkelperson er Bjørn Åge Jenssen, dagleg leiar i Norges Nasjonalparkkommuner. (Foto: Tone Rusdal)

Vestlandsforsking og Norges nasjonalparkkommuner starta i sommar opp eit forprosjekt om korleis nasjonalparkkommunane kan ta omsyn til klimaendringar.

Klimautfordringar

Flaum, jordskred og andre uønskte naturhendingar kjem til å råke både dei verna områda og omlandet deira hyppigare i framtida på grunn av ein generell nedbørsauke, endra vêrmønster og meir ekstremvêr. Uvanleg tørre somrar har vist at tørke og brannfare med følgjer for besøkande til eit verna område òg kan bli eit viktigare tema framover. I tillegg kjem meir langsame endringar i det biologiske mangfaldet (t.d. nye artar og dyre- og plantesjukdommar). Kommunane har ei nøkkelrolle i klimatilpassing gjennom planarbeid, og tanken er at nasjonalparkkommunane sitt ansvar på dette området står i ei særstilling på grunn av nærleiken til verna natur.

Nye medlemskriterium

Norges nasjonalparkkommuner (NPKL) er ei samanslutning av 33 medlemmar med status som nasjonalparkkommune og/eller nasjonalparklandsby. I 2015 lanserte Miljødirektoratet merkevara «Norges nasjonalparkar». Samtidig endra dei krava for å vere nasjonalparkkommune frå kvantitative til kvalitative. Det betyr at alle dei 102 kommunane som har nasjonalparkareal, må søke Miljødirektoratet om status som nasjonalparkkommune etter nye kriterium. For medlemmane i NPKL er fristen 2022. Forprosjektet som no er starta opp, skal legge grunnlaget for å ta klimatilpassing inn i kriteriesettet. Målet er at nasjonalparkkommunane på denne måten skal oppmodast til å ta omsyn til klimautfordringane. Arbeidet er finansiert av Miljødirektoratet og går over eitt år.

Førebygging viktig

Eit døme på at klimaendringane kan slå negativt ut for kommunar der natur er ein stor del av næringsgrunnlaget, er flaumen i Luster i oktober 2018. Område som Mørkridsdalen og Fortunsdalen vart isolerte over lang tid og fekk store skadar på hus, bruer, vegar og landbruksjord. I tillegg til å skape store problem for fastbuande, går hendingar som dette ut over tilkomst til nasjonalparkane. Frå nasjonalparkkommunen sin ståstad blir det altså stadig viktigare å bu seg på slike hendingar og setje i verk det ein kan av førebyggande tiltak.

Les meir om prosjektet

Meir om klimatilpassing i kommunane finn du på Miljødirektoratet sin portal klimatilpasning.no.