Klimatilpassing i Norges nasjonalparkkommuner

nigardsbreen

Klimaendringane påverkar både nasjonalparkar og omlandet deira. Hyppigare episodar med kraftig nedbør kan t.d. redusere tilkomst. Her frå Nigardsbreen i Jostedalen (foto: Wikimedia Commons).

I eit forprosjekt finansiert av Miljødirektoratet undersøker Vestlandsforsking korleis klimatilpassing kan inkluderast i kriteriesettet for å få status som nasjonalparkkommune. Prosjektet skal òg bidra til å heve kunnskapen om korleis klimaendringar påverkar dei norske nasjonalparkkommunane.

Alle kommunar som har status som nasjonalparkkommune eller har ein tettstad med status som nasjonalparklandsby, kan søkje om å bli medlem av samanslutninga Norges nasjonalparkkommuner (NPKL). Kriteriane er utarbeidde av Miljødirektoratet. NPKL har i dag 32 medlemmer, medan talet på kommunar som kan velje å søkje om medlemskap er 102.

Vestlandsforsking gjennomfører forprosjektet i samarbeid med Norges nasjonalparkkommuner og Lesja kommune. Eit viktig mål med prosjektet er å førebu eit hovudprosjekt der medlemskommunane blir trekte inn. Tanken er at hovudprosjektet skal gå nærare inn på kompetansehevande tiltak som kan ruste nasjonalparkkommunane til å møte utfordringar som følgjer med klimaendringane.


STARTDATO: 1.5. 2019

SLUTTDATO: 1.5. 2020

FINANSIERT AV: miljødirektoratet