Noradapt, eller Norsk senter for berekraftig klimatilpassing, har vore i drift i litt over eit halvt år. Iselin Nybø var interessert i kva slags forsking senteret utfører.
Kunnskap etterspurt
Senterleiar Carlo Aall fortalde statstråden at Noradapt til no har henta inn 10 prosjekt med til saman 11 millionar kroner til forsking. Av prosjekta er 4 finansierte av fylkeskommunar, 3 av kommunesektoren, og dei tre siste av eit direktorat, Noregs Forskingsråd og EU.
Når senteret sitt første år er omme, vil seks forskingsprosjekt vere avslutta. Kunnskapen som blir til, skal formidlast til dei mange som etterspør han i offentlege og private verksemder.
– Vi har opplevd stor pågang sidan vi starta opp, og er midt i ein serie møte med aktørar landet rundt, seier brukarkontakt Torunn G. Hønsi.
Styrtregn og jordskred
Dei dramatiske hendingane på seinsommaren knytte eit alvor til statsråden sitt besøk. Berre få dagar før besøket hennar, førte kraftig regn til tap av liv og store øydeleggingar i Jølster og Gloppen. Kvelden før statsråden kom til Sogndal, måtte fleire menneske evakuerast i Jordalen etter jordskred. Nybø var interessert i korleis samfunnet kan styrke førebygginga av slike hendingar og kva som gjer at enkelte kommunar har betre beredskap enn andre.
Aall gjekk gjennom konklusjonane frå ein fersk rapport om nettopp slike erfaringar frå små- og mellomstore kommunar og peika på behovet for ei grundig nasjonal analyse av klimasårbarheit på tvers av samfunnssektorar.
Matnyttig kunnskap
– Når kvar enkelt kommune skal sikre førebygge og bu seg på ekstremvêr, treng dei ei overordna, nasjonal analyse å lene seg på, sa Aall, og viser til at dette er vanleg på dei fleste politikkområde. Han la òg vekt på måtar forskarane kan støtte kommunane i å knyte klimakunnskapen til lokale forhold og identifisere sårbare punkt.
– Kommunane kjem ingen veg med meteorologisk kunnskap om korleis vêret kan endre seg i regionen. Dei seier «OK, men kva skal vi gjere».
Fylte eit tomrom
Etter å ha høyrt korleis Noradapt har handtert sitt første halvår, slo Iselin Nybø fast at klimatilpassingssenteret sprang ut av eit tydeleg behov i samfunnet.
– Eg tenker at timinga var svært god; Noradapt vart etablert til rett tid. Det var eit tomrom der som trong å fyllast, sa Nybø.