Søkte klimaråd

I dag blir dessverre klimatilpassing oppfatta som noko grått og kjedeleg som i hovudsak vedkjem byråkratar og forskarar.
— Carlo Aall, leiar i Noradapt

Sommarens styrtregn og jordskred som både tok liv og herja med hus, vegar og eigedom mellom anna i Jølster, var blant temaa som trekte SV-leiar Audun Lysbakken til Sogn. Lysbakken kom i følgje med listekandidatane til nye Sogndal kommune, og skulle vidare til Jølster etter besøket hos Vestlandsforsking. Dei møtte Noradapt-leiar Carlo Aall, konstituert direktør Hans Jakob Walnum (på biletet over) og andre frå Vestlandsforsking med roller i Noradapt og forsking på klimatilpassing.

Kommunal klimarådgjevar

Noradapt-leiar Carlo Aall kom med aktuelle utfordringar på området klimatilpassing, som å gjeninnføre 90-talets øyremerka midlar til ein miljørådgjevar i kommunen, men no med hovudvekt på klimautfordringar. Han utfordra òg Lysbakken på å bidra til å gje klimatilpassing eit løft som politikkområde.

– I dag er det dessverre noko grått og kjedeleg som i hovudsak vedkjem byråkratar og forskarar. Hjelp oss gjerne med å endre på dette, oppmoda Aall.

Kutta som må til

Lysbakken fekk òg faglege råd om ein "gløymde" del av klimapolitikken då han besøkte Vestlandsforsking og Noradapt i dag: det private forbruket. Også FNs klimapanel rører ved dette tabuområdet i rapporten dei la fram 8. august, dagen før Lysbakkens besøk, då med hovudvekt på mat.

KOLLEKTIVT OG RETTFERDIG

SV-leiaren var einig, men understreka at livsstilsendringar må vere kollektive og rettferdige slik at dei gjeld fleire enn ein liten, grøn elite i byane. Han fekk fagleg støtte for tankegangen av Noradapt-leiar Carlo Aall, som med støtte i nyare forsking har snust på ordet “tvang” i samband med det private forbruket.

– Skal vi unngå farlege utslag av klimaendringane, vi òg redusere klimautsleppa frå forbruket ditt og mitt. Vi blir nøydde til å sjå på måten vi bur, et og forflyttar oss på, sa Aall.

Partileiar i Sosialistisk venstreparti, Audun Lysbakken, besøkte Noradapt og Vestlandsforsking som del av ei rundreise i Sogndal og Jølster. Korleis politikarane kan gå fram for å få innbyggarar flest med på klimavenlege justeringar av forbruket sitt, var eit viktig tema for Lysbakken. Han fekk fagleg støtte for tankegangen om at slike endringar må vere kollektive og rettferdige. (Foto: Idun A. Husabø)

Partileiar i Sosialistisk venstreparti, Audun Lysbakken, besøkte Noradapt og Vestlandsforsking som del av ei rundreise i Sogndal og Jølster. Korleis politikarane kan gå fram for å få innbyggarar flest med på klimavenlege justeringar av forbruket sitt, var eit viktig tema for Lysbakken. Han fekk fagleg støtte for tankegangen om at slike endringar må vere kollektive og rettferdige. (Foto: Idun A. Husabø)