Førebygging av dramatiske naturhendingar og meir gradvise konsekvensar av klimaendringar kan bli meir treffsikre om ein tek større omsyn til lokalkunnskap. Ein ny metode for dette skal prøvast ut av forskarar frå sju land.
Den nye framgangsmåten for å analysere lokal klimarisiko skal utviklast og prøvast ut av forskarar gjennom det internasjonale forskingsprosjektet Unchain, som starta opp i september. Carlo Aall og Marta Karoline Jansen frå Vestlandsforsking skal leie prosjektet. I september var dei i Wien for å treffe dei andre forskingspartnarane frå Nederland, Tyskland, Spania, Austerrike, Sverige og Frankrike. Noradapt-partnar Nordlandsforsking er den andre norske aktøren i prosjektet.
– Prosjektet har ein sterk fagleg partnarskap som skal gjennomføre 12 delprosjekt i dei ulike landa. Her er dei fleste økonomiske sektorar og typar problemstillingar på området klimatilpassing representerte, fortel Carlo Aall ved Vestlandsforsking etter to dagar med oppstartmøte.
Større vekt på brukarane
I fleire land opplever ein no langt oftare dramatiske og farlege naturhendingar. Eit døme er jordskreda i Jølster i juli 2019 som heilt uventa vart utløyste over eit bustadområde av kraftig nedbør. I Norge har kommunane plikt til å skaffe seg oversikt over risiko og sårbarheit og prøve å førebygge denne typen hendingar, delvis ved hjelp av ekspertar og forskarar, men det har vist seg stadig meir krevjande å forutsjå kor og når ting vil skje.
Det ein vil gjere i Unchain-prosjektet er å tenke nytt om prosessen for å prøve å gjere førebygginga meir treffsikker. Ideen er at forskarar og kommunar i større grad skal involvere “brukarane”, altså folk som bur i eit område eller driv verksemder som kan bli råka av hendingar. Intensjonen viser att i den fulle prosjekttittelen, som er «Unpacking climate impact CHAINs. A new generation of action- and user-oriented climate change risk assessments». Tittelen understrekar nettopp tanken om at fleire enn før skal trekkast inn i førebygginga. Å byggje kunnskap på tvers av skiljet mellom samfunn og akademia er eit ideal som er på frammarsj, ikkje minst fordi ein ser kor stor verdi det har å sikre større «bakkekontakt».
– Oktoberflaumen i 2014 råka mellom anna det nye kulturhuset på Voss, og i ettertid fann vi ut at skadane kunne blitt vesentleg mindre viss kommunen og NVE hadde studert gamle kyrkjebøker, der flaumhendingar frå 1700-talet var dokumenterte. Denne lokalkunnskapen ville ha ført til ei anna plassering av kulturhuset, seier All.
I dag er NVE er i ferd med å utvikle retningsliner for korleis dei kan dra nytte av denne typen lokalkunnskap i utarbeiding av lokale flaumsonekart.
Casestudiar i fleire land
Forskarane i dei ulike landa skal gjennomføre fleire case-studiar som skal skaffe grunnlag for utviklinga av den nye metoden. Case-studiane skal gå føre seg i fleire av landa forskarane kjem frå, mellom anna Austerrike, der ein i 2018 opplevde rekordvarme over lang tid og alvorleg tørke. Særleg landbruket vart påverka, og framskrivingar viser at slikt kan komme til å skje oftare i regionen. Forskarane skal sjå nærare på avgjerdsprosessar og tilpassingstiltak knytt til tørken. Dei tek for seg heile spennet, frå den enkelte garden til nasjonalt nivå.
Andre casestudiar tek for seg klimarisiko i samband med toginfrastruktur i Nederland, matproduksjon og reiseliv i Norge, skogbruk i Sverige, næringsliv langs Rhinen i Tyskland, kritisk infrastruktur i Tyskland og sydenturisme i Balearane i Spania. Bangladesh er òg med i ein av studiane.
To Noradapt-partnarar er med
Unchain er av prosjekttypen European AXIS Joint Call for Transnational Collaborative Research Projects, og har eit samla budsjett på 20 millionar kroner. Av desse går 3,2 millionar kroner til Vestlandsforsking. Nordlandsforsking er òg med i prosjektet.