Testar nye metodar for klimatilpassing av vegstrekningar

Europaveg 39 gjennom Jølster vart stengd etter flaum og jordskred sommaren 2019. Foto: Linda Olin Reite, NRK.

Europaveg 39 gjennom Jølster vart stengd etter flaum og jordskred sommaren 2019. Foto: Linda Olin Reite, NRK.

- Er det éin ting denne sommaren og hausten har vist oss, så er det at vegane våre ligg utsett til, seier Carlo Aall, leiar for det nye prosjektet «RoadAdapt». På oppdrag frå Statens vegvesen skal forskarane prøve ut nye metodar for å vurdere kor godt dei viktigaste vegane våre toler eit endra klima.

Omkøyringsvegen vart òg stengd etter øydeleggingane som sperra E39 gjennom Jølster sommaren 2019. Foto: Linda Olin Reite, NRK.

Omkøyringsvegen vart òg stengd etter øydeleggingane som sperra E39 gjennom Jølster sommaren 2019. Foto: Linda Olin Reite, NRK.

UTSETT EUROPAVEG

30. juli i år: Etter fleire timar med kraftige regnbyer på Vestlandet, vart ein stor del av vegnettet i Sogn og Fjordane og Hordaland stengt på grunn av skred og flaum. Jølster kommune vart råka særleg hardt: På hovudfartsåra gjennom Sogn og Fjordane, E39, gjekk det fire ras på ei strekning på tre kilometer. Omkøyringsvegen på andre sida av Jølstravatnet vart òg vaska vekk då endå eit skred tok med seg 100 meter med veg og ein bil ut i vatnet.

14. september i år: Igjen må E39 stengast på grunn av skred, og igjen er det Jølster som vert hardast råka.

Folk forventar å vere trygge

Det er denne risikoen forskarane i Noradapt grip tak i med prosjektet «RoadAdapt», som startar opp hausten 2019. Klimaendringane betyr truleg at vi får fleire og kraftigare nedbørshendingar. Dermed aukar faren for slike hendingar.

- Dette er viktig fordi vi har frykteleg mange vegar, og mange av av dei går gjennom allereie utsette område, og klimatisk utsette område, seier Aall. Han peikar på at naturen endrar seg samtidig som folk som ferdast langs vegen har aukande forventingar om mobilitet og tryggleik. Difor blir det endå viktigare å gjere grundige vurderingar av risiko.

Strekning mellom Agder og Sogn

Prosjektet blir gjort på bestilling frå Statens vegvesen. Med på laget er Menon Economics, som skal sjå på verktøyet for vurdering av kostnadene ved å tilpasse vegnettet til følgjer av klimaendringane, medan Vestlandsforsking skal sjå på verktøyet for å vurdere kilmarisiko.

Prosjektet skal analysere ei lengre vegstrekning på E39 frå Agder til Sogn og Fjordane.

Les meir om prosjektet her