Forskarar ved Vestlandsforsking har undersøkt korleis bre- og fjellførarar og andre i turistnæringa rundt Jostedalsbreen og Folgefonna snakkar med tilreisande om bresmeltinga. Dei fleste som jobbar med guiding på bre, brukar å ta opp temaet med turistane.
– Målet er at naturbaserte løysingar skal bidra meir til sosial rettferd
Eit nytt, europeisk forskingsprosjekt tek for seg korleis ein kan jobbe med naturbaserte løysingar på ein måte som gjer at fleire får stemma si høyrt. – Vi skal òg utvikle ein metode som kan handtere interessekonflikt på ein konstruktiv måte, seier prosjektleiar Irmelin Gram-Hanssen ved Vestlandsforsking.





