Kronikk: Kommunane bør ha oversikt over korleis dei førebygger mot ekstremvêr

I ein kronikk publisert 7. februar 2024 understrekar forskarar ved Vestlandsforsking og Sintef kor viktig det er at kommunar har oversikt over kva dei gjer for å førebu seg på ekstremvêr.

Kronikken ser skriven av Marta Karoline Jansen, Synnøve Støverud Beitnes og Halvor Dannevig ved Vestlandsforsking, og Hanne Kvitsand og Lars Arne Bø ved Sintef. Teksten byggjer på to studiar der Vestlandsforsking og SINTEF har kartlagt 14 vestlandskommunars arbeid med klimatilpassing på plannivå. Forskarane fann store sprik mellom kommunane både med tanke på tidsbruk og kunnskap om klimarisiko og tiltak.

“Kva får ein kommune att for det, viss dei faktisk skaffar seg oversikt? God klimatilpassing betyr tett samarbeid på tvers av fag og etatar. Ved å halda oversikt kan kommunen både måla framgang, evaluera innsatsen sin og gjera justeringar. Arbeidet kan gjerast meir effektivt og ein vil lettare kunna avdekka område som treng tiltak eller gjennomføra tiltak som krev at ulike etatar i kommunen snakkar saman. Effektiv klimatilpassing reduserer ikkje berre naturfare, det bidreg òg til å redda liv”, skriv kronikkforfattarane.

Les kronikken “Kommunane bør ha oversikt over korleis dei førebygger mot ekstremvêr”

Biletet er frå riksveg 7 på Nesbyen ved Liodden 11. august 2023 og viser flaumen etter ekstremvêret “Hans”. Foto: Hauk Løvseth