Klimarisiko i utlandet kan endre landbruket i Noreg

Foto: Ernst Furuhatt / nordnorge.com

 

Grenseoverskridande klimarisiko kan føre til eit norsk landbruk med større fokus på matsikkerheit og beredskap.  

Grenseoverskridande klimarisiko: Noko som skjer i eit land spreier seg til andre land gjennom ulike spreiingsvegar. Prosjektet Transadapt undersøker korleis vi kan tilpasse oss grenseoverskridande klimarisiko. Transadapt fokuserer på spreiingsvegen handel og produktet soya, som er ein sentral handelsvare for både bønder og oppdrettarar, sidan det er ein viktig ingrediens i norsk lakse- og husdyrfôr.

– Flaum hos soyaprodusentar i Brasil kan bety trøbbel både for husdyrbønder på Jæren og lakseoppdrettarar i Lofoten, seier Synnøve Støverud Beitnes, forskar ved Vestlandsforsking og engasjert i Transadapt-prosjektet.

– Det blir brukt ein spesiell, ikkje-genmodifisert soyatype som berre dyrkast i eit enkelt område i Brasil, langt inn i landet. Ein flaum som øydelegg vegar og hindrar transport til hamna, kan få direkte verknadar her i Noreg. Dette er berre eit eksempel. Grenseoverskridande klimarisiko kan være så mangt, seier ho.

Forskar Synnøve Beitnes. Foto: Idun Husabø

Ønsker endring
Transadapt tek for seg situasjonen til bønder i Sogn og oppdrettarar langs heile kysten. Gjennom intervju, seminar og arbeidsverkstadar finn forskarane ut korleis aktørane stillar seg til det temmeleg ferske omgrepet «grenseoverskridande klimarisiko». Før jul samla Støverud Beitnes landbruksrådgivingen, landbrukssjefar og ikkje minst bønder i Sogndal-området til eit seminar der temaet blei diskutert.

– Bøndene meiner at ein viktig måte å tilpasse seg problemet er å skape eit landbruk som er mindre avhengig av importerte innsatsfaktorar, særleg kraftfôr, seier Støverud Beitnes.

– Deltakarene på seminaret meinte tilpassinga til grenseoverskridande klimarisiko fyrst og fremst er eit landbrukspolitisk spørsmål, der det handlar om å premiere ein type landbruk som utnyttar det lokale ressursgrunnlaget i staden for å være avhengig av import, seier ho.

Matsikkerheit i fokus
Forskaren oppdaga at konseptet grenseoverskridande klimarisiko gjorde noko med sjølve debattklimaet for desse landbruksaktørane.

– Vanlegvis har klimasamtalen nesten berre handla om utslepp og bøndene har fått ein stor del av skylda. Fokuset har lege på alle dyra som slepper ut metan. Bøndene har hatt ein følelse av at det harde arbeidet deira ikkje blir verdsett. Når debatten utvidast til òg å handle om tilpassing, blir matsikkerheit og beredskap plutseleg viktig, seier Støverud Beitnes.

– I eit slikt perspektiv får bøndene ein nøkkelrolle for å sikre at det norske folk får mat på bordet, seier ho.

Medan bøndene håpar på eit paradigmeskifte i landbrukspolitikken, har forskarane enno ikkje fått kartlagt korleis oppdrettsnæringa stiller seg til grenseoverskridande klimarisiko.

– Vi har snakka med dei, men ikkje konkludert enno. Bildet som begynner å teikne seg, er at næringa stadig vert meir opptatt av berekraft, men at den foreløpig kun i begrensa grad er oppteken av grenseoverskridande klimarisiko, seier seniorforskar Bjørn Vidar Vangelsten ved Nordlandsforskning.

Prosjektet Transadapt starta 1. januar 2022 og held på til nyttårsaftan 2025.