Kronikk: "Kommunane bør ut på giftjakt med nye verktøy"

Kronikken “Kommunane bør ut på giftjakt med nye verktøy“ er skriven av Torunn G. Hønsi, Marta K. Jansen (begge Vestlandsforsking) og Jan Ketil Rød (NTNU). Hovudbodskapen er at alle norske kommunar har ein oppryddingsjobb å gjere når det gjeld forureina grunn som ikkje er sikra mot klimaendringane.

“Det kan dreie seg om ei småbåthamn, ein bilverkstad, eit brannøvingsfelt eller ei nedlagt kommunal avfallsfylling. Skadelege stoff frå ureina grunn vil gradvis lekke ut med nedbør og erosjon, og meir ekstremvêr og klimaendringar vil auke risikoen for utvasking og spreiing”.

Forskarane har gjennom prosjektet Vassklimrisk vore med på å utvikle nye forvaltningsverktøy som kan lette registrering og sikring for kommunane. Kommunar, statsforvaltarar og fylkeskommunar i tre regionar har delteke i arbeidet.

Kronikken er publisert i Nationen 17. januar 2024