"Areal på raudlista" tema for #Klimaomstilling2024, 23. og 24. april i Sogndal

Areal er ein avgrensa ressurs, og medvitet om dette er blitt større den siste tida. Dronebiletet viser ei myr omkransa av veg og jordbruksareal nær Vestnes ved Molde. Biletet er teke under eit feltarbeid i forskingsprosjektet Repeat i august 2023. Foto: Sigurd Daniel Nerhus, Høgskulen på Vestlandet

23.-24. april  er det klart for ei ny utgåve av den nasjonale konferansen #Klimaomstilling2024 i Sogndal, som samlar folk frå ulike sektorar som jobbar med klimarelaterte spørsmål. Hovudtemaet i år er “Areal på raudlista”.

Lenge har vi teke areal for gitt i Noreg, men den siste tida har det blitt større medvit om at areal er ein avgrensa ressurs. I mange kommunar blir det tilgjengelege arealet skvisa mellom eit ønske om tettstad- og næringsutvikling og ei nasjonal forplikting til den globale naturavtalen.

Ingeborg Klokkersund Djupevåg i Vestland fylkeskommune under ei tidlegare utgåve av #Klimaomstilling. Foto: Idun A. Husabø

Også den grøne omstillinga krev areal. Det samme gjer omsynet til å tilpasse seg framtidige klimaendringar - for ikkje å snakke om at naturen, meir enn nokon gong, krev tilbake areal frå oss.

Årets konferanse set difor søkelys på korleis vi kan forvalte areala våre klokt og i samsvar med klimaendringane, bevaring av natur, utbygging av fornybar kraft, utvinning av ressursar og utvikling av byar, stader, hyttetomter og næringsverksemd.

korleis blir vi klare for “grete”?

Onsdag 23. april stiller vi spørsmålet “Kva har vi lært av Hans og korleis blir vi klare for ‘Grete’?”, altså det neste, store ekstremvêret? Vi høyrer mellom anna frå beredskapsleiar i Nesbyen kommune, Svein Magne Bråten Juvhaugen, som var med på å handtere ekstremvêret “Hans” i august 2023 og Toril Hofshagen, som er regionsjef i NVE Region Aust.

Vi får òg høyre frå planleggjarar og forskarar, mellom anna frå Noradapt (Norsk senter for berekraftig klimatilpassing).

Om ettermiddagen legg vi opp til fysisk aktivitet i nærområdet og eit eige kveldsprogram med underhaldning. Her kan det kome spennande overraskingar - følg med!

Her frå fjorårets paneldebatt med Jørgen Pedersen (HVL), Tone Smith og Arild Vatn (NMBU), leia av Carlo Aall (Vestlandsforsking). Foto: Idun A. Husabø

utslepp og arealbruk

Torsdag 24. april skal det handle om samanhengane mellom utslepp og arealbruk, og om korleis vi forvaltar havets areal. Det blir og lagt opp til tre parallellsesjonar: ein om arealnøytralitet, ein om naturrestaurering og naturbaserte løysingar og ein om energi og areal. Her vil det komme innleggshaldarar frå kommunar, forvalting, næringsliv og forskingsinstitusjonar, og vi legg opp til ein paneldebatt.

Konferanseprogrammet legg opp til sosiale utflukter i nærleiken av Sogndal. Her frå fjorårets ekskursjon til Stedjeåsen, der lokale representantar for Naturvernforbundet informerte undervegs. Foto: Idun A. Husabø

relevant for mange

Konferansen er av interesse for planleggjarar, forvaltning, utviklarar, konsulentar, politikarar, forskarar og alle med interesse for arealbruk. Deltakarane kjem frå heile landet, i tillegg til enkelte internasjonlale innslag.

Konferansen har eksistert sidan 2016, og blir arrangert av Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt), KS Vest-Norge, Høgskulen på Vestlandet, Norce, Statsforvaltaren i Vestland, Vestlandsforsking og Vestland fylkeskommune. I år er det Vestland fylkeskommune som har hovudansvaret.

Følg med på klimaomstilling.no for oppdateringar i programmet!

Spørsmål kan rettast til Ragnhild Berge Feidje i Vestland fylkeskommune.