– Målet er at naturbaserte løysingar skal bidra meir til sosial rettferd

Leikeplassar som drenerer godt, aukar biologisk mangfald, byr på skugge på varme dagar og får fleire til å leike ute, kan vere eit døme på ei god naturbasert løysing som òg aukar sosial rettferd. Norske kommunar er pliktige til å vurdere naturbaserte løysingar i planarbeidet sitt. Vel dei bort slike løysingar, må dei grunngje valet.

Eit nytt, europeisk forskingsprosjekt tek for seg korleis ein kan jobbe med naturbaserte løysingar på ein måte som gjer at fleire får stemma si høyrt. – Vi skal òg utvikle ein metode som kan handtere interessekonflikt på ein konstruktiv måte, seier prosjektleiar Irmelin Gram-Hanssen ved Vestlandsforsking.

Forskingsprosjektet “Integrate nature-based solutions” tek utgangspunkt i naturbaserte løysingar og handlar om korleis ein kan innarbeide desse godt i samfunnsplanlegging for å bidra til ei meir berekraftig utvikling.

Dette er Integrate nature-based solutions

  • 3-årig europeisk forskingsprosjekt leia av Vestlandsforsking

  • Partnarar i Sverige (Nordregio og Lunds universitet), Spania (Basque Centre for Climate Change) og Polen (Warsaw University of Life Sciences)

  • Utlysing frå Driving Urban Transitions og finansiering frå Noregs forskingsråd og andre nasjonale forskingsråd.

Naturbaserte løysingar er tiltak mot flaum som byggjer på naturen sine egne funksjonar og prosessar. Det kan dreie seg om eit regnbed eller om ein «smart» leikeplass som er laga slik at den fyller fleire funksjonar. I tillegg til å dempe flaum, bør løysinga bidra positivt til andre viktige mål, som å auke naturmangfaldet, redusere utslepp av klimagassar og gje fordeler knytt til sosial rettferd.

Dei svakaste stemmene

Sjølv om kommunar jobbar godt med naturbaserte løysingar i Noreg og mange andre land, er det ikkje alltid lett å hente ut det fulle potensialet i løysingane, seier Irmelin Gram-Hanssen, som er seniorforskar ved Vestlandsforsking og leier prosjektet.

Det som ofte manglar, er å sikre sosial rettferd i utviklingsprosessane:

Prosjektleiaren i Integrate nature-based solutions er Irmelin Gram-Hanssen (i midten). Halvor Dannevig og Kyrre Groven er òg med i arbeidet.

– Dels kjem det av at avgjerdsprosessar kan vere vanskelege å ta del i for folk flest. Ein annan grunn er at ujamne maktforhold bidreg til at dei svakaste stemmene ikkje blir høyrde, seier ho.

Prosjektet går over tre år, og undervegs skal ho og dei andre forskarane utvikle ein metode for korleis prosessane rundt naturbaserte løysingar kan gjerast meir inkluderande.

– Det vil føre til at både prosess og resultat bidreg til større sosial rettferd og samhøyrigheit på dei stadene der ein utviklar løysingane, seier Irmelin.

Arbeidsverkstader på seks plassar

I kvart av dei fire landa prosjektet dekker, skal forskarane gjennomføre arbeidsverkstader og utvikle eit opplæringsprogram for å dele resultata med fleire.

– På desse arbeidsverkstadene ønskjer vi at folk skal ta av seg den profesjonelle "hatten", og møtast som enkeltmenneske, ikkje først og fremst som grunneigar, utbyggar, planleggar eller nabo. På det viset håpar vi å styre unna vanetenking og fordommar, og legge til rette for ei opnare meiningsutveksling, forklarer prosjektleiaren.

vegen vidare for populært skiområde

I den norske casen skal Vestlandsforsking følgje medverknadsprosessane knytt til vidareutvikling av utfartsområdet Hodlekve, som ligg eit kvarters køyring frå regionsenteret Sogndalsfjøra og har hatt ei rivande utvikling dei siste åra. Sogndal kommune er med som partnar i prosjektet, og har invitert Vestlandsforsking til å følgje prosessen i Hodlekve fordi det er dette dei skal i gang med tidleg i 2024.

Rindabotn i Hodlekve, der det har kome mange nye alpinløyper dei siste åra, i tillegg til ei større utbygging av hytter og annan infrastruktur. No skal framtida til Hodlekve opp til diskusjon i regi av Sogndal kommune, med Vestlandsforsking som deltakar. Foto: Kyrre Groven.

Det snøsikre skiområdet har fått mange nye hytter og alpinbakkar, og utbyggarar går med planar om meir. Men korleis kan Hodlekve bli eit godt område for alle som brukar det, samtidig som ein tek vare på naturmangfald, klima og miljø? Dette er ein type spørsmål som blir sentrale i medverknadsprosessen. Ulike grupper ser truleg for seg ganske ulike ideal for framtida.

Forskarane i prosjektet kjem frå fire land. I januar 2024 hadde dei oppstartmøte i Oslo.

– Der enkelte kanskje ønskjer seg butikkar og ein liten "drabantby" der ein kan bu året rundt, vil andre helst fryse utbygginga i Hodlekve etter mange år med ekspansjon, seier Gram-Hanssen.

ventar mange ulike visjonar

Prosjektet legg til grunn ei tilnærming der ein må nytte ei heilskapleg tilnærming for å kunne endre samfunnet – på tvers av både praktiske, politiske og personlege aspekt.

På dei mange arbeidsverkstadene i regi av forskingsprosjektet, inkludert i Sogndal, ønskjer prosjektleiaren at dei som deltek skal drøfte idéar og visjonar i eit heilskapleg og langsiktig perspektiv:

– Synet på kva Hodlekve bør vere, er delt. No skal kommunen lage ein plan som går 35 år fram i tid, så visjonane folk vil dele for staden, kjem til å romme mykje ulikt, seier Irmelin.