Noradapt arrangerer opne webinar der forskarar deler nytt frå prosjekt og publikasjonar. Får du ikkje med deg eit webinar, vil du finne opptak av Noradapt-timen på nettsida vår.
Noradapt-timen 10. januar: Er "klimafiksing" ein reell utveg?
Det finst industrielle måtar å fjerne karbon frå atmosfæren på eller manipulere sollys for å påverke klimaet på jorda, men er det sannsynleg at vi kjem til å ta i bruk denne teknologien som ein utveg frå klimakrisa, og er det lurt? I Noradapt-timen 10. januar møter vi Benjamin Sovacool, professor i energiteknikk ved University of Sussex og medlem av Noradapt sitt internasjonale vitskaplege råd, som for tida er med i eit større EU-prosjekt om dette temaet.







