Noradapt-timen 10. januar: Er "klimafiksing" ein reell utveg?

Det finst industrielle måtar å fjerne karbon frå atmosfæren på eller manipulere sollys for å påverke klimaet på jorda, men er det sannsynleg at vi kjem til å ta i bruk denne teknologien som ein utveg frå klimakrisa, og er det lurt? Slike spørsmål blir det forska på for tida, mellom anna i eit større, EU-finansiert forskingsprosjekt med tittelen “Geo-engineering and negative emissions pathways in Europe” (Genie).

Benjamin Sovacool er professor i energiteknikk ved University of Sussex Business School. Han er òg medlem av Noradapt sitt internasjonale vitskapsråd.

I Noradapt-timen 10. januar får vi eit føredrag om dette temaet ved Benjamin Sovacool, som er professor i energiteknikk ved University of Sussex og medlem av Noradapt sitt internasjonale vitskaplege råd. Sovacool er med i forskingsprosjektet Genie, som pågår fram til 2027.

Noradapt-timen har også tidlegare hatt Sovacool som gjest. I dette webinaret, sendt 26. januar 2022, introduserte han forskingsprosjektet og tematikken. Du kan lese omtalen her og sjå opptak av webinaret.

Webinaret blir på engelsk. Nedanfor kan du lese meir om temaet.




The sociotechnical dynamics of negative emissions, carbon removal, and solar geoengineering

Despite a long history of climate agreements since the Rio Earth Summit in 1992, greenhouse gas emissions have continued to grow over time, only temporarily slowed down by the first year of the COVID-19 pandemic in 2020. Negative emissions technologies (also known as carbon removal), including soil carbon sequestration, afforestation and reforestation, direct air capture, and bioenergy with carbon capture and storage, may be employed to remove carbon dioxide from the Earth’s atmosphere. 

Solar geoengineering technologies (also known as solar radiation management) such as stratospheric aerosol injection, aimed at reflecting a portion of incoming sunlight back into space before it reaches the Earth’s surface, could serve as an emergency measure to slow the risk of global warming, or create a stop-gap period of adjustment that gives countries time to adapt to the impacts of climate change. 

Both sets of negative emissions and geoengineering options could become widely deployed by mid-century. But their emergent benefits, risks, and impacts on justice, equity, and future climate pathways are uncertain. 

Klimafiksing kan tenkast å skje på fleire måtar, som “støvsuging” av klimagassar og “spegling” av sollys. Plansjen viser ulike teknologiar som blir forska på i Genie-prosjektet.

Drawn from a rich collection of original data as a part of the GENIE project, this presentation offers a meta-analytical framework where social science, engineering, and physical science disciplines merge for a comprehensive mapping of these prospective energy and climate transitions. It explores the environmental, technical, social, legal, ethical and policy dimensions of greenhouse gas removal and solar radiation management. It offers a critical scientific assessment of deployment options, controversies, and patterns of social acceptance and opposition for evidence-based policymaking to address climate change and a zero-emissions future.



Tidspunkt: 10. januar kl. 14

Zoom-lenke: https://us02web.zoom.us/j/82540258529