Må vi ty til såkalla “klimafiksing” for å løyse klimakrisa, spør enkelte seg i frustrasjon over manglande gjennomslag for drastiske kutt. Kor mykje veit vi om denne typen tiltak? Kva kan vi oppnå og kva kan vi risikere ved å forsøke å fikse oss ut av krisa?
Benjamin Sovacool er professor i energipolitikk ved University of Sussex Business School i Storbritannia og har i tillegg ei bistilling ved Vestlandsforsking knytt til Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt). I den tiande utgåva av webinaret Noradapt-timen, 26. januar 2022 kl. 15, vil Sovacool fortelje om prosjektet GENIE, ein studie av fordeler og risikoar ved dagens teknologiar for å fjerne eksisterande klimagassar og reflektere solinnstråling tilbake til verdsrommet.
Desse teknologiane er i dag omstridde, men dei blir i aukande grad debatterte som eit nødvendig tillegg – eller ei siste naudløysing - til å redusere utsleppa av klimagassar.
Merk at webinaret er på engelsk.
Zoom-lenke: https://us02web.zoom.us/j/87637937214