Statssekretær besøkte Noradapt

Noradapt fekk 24. januar besøk av Oddmund Hoel frå Kunnskapsdepartementet, som er statssekretær for forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp). Å bli betre kjend med arbeidet til Noradapt stod høgt på dagsorden.

Statssekretæren, som sjølv er professor i historie, har permisjon frå Høgskulen på Vestlandet, der han har hatt Campus Sogndal som arbeidsstad. Hoel er slik sett ingen ukjend person for Vestlandsforsking og Noradapt. Han kjenner òg godt til forskingssektoren.

Ønske om opptrapping

Under besøket fekk Hoel ei innføring i kva Noradapt er, kva senteret har gjort dei tre første åra og kva som er særleg viktig for klimatilpassingssenteret framover.

Carlo Aall ønskjer seg ei opptrapping av finansieringa til Noradapt. (Foto: Tore F. Lie)

– Vi la fram tankar om ein mogeleg opptrappingsplan, seier Noradapt-leiar Carlo Aall.

I dag mottek Noradapt ei grunnløyving over statsbudsjettet på 5 millionar kroner, i tillegg til at dei åtte partnarinstitusjonane skaffar seg midlar frå andre finansieringskjelder, som Forskingsrådet eller Regionale forskingsfond. Aall forklarte statssekretær Hoel at han meiner det er viktig for Noradapt si vidare utvikling at senteret får trappa opp løyvinga over statsbudsjettet dei neste åra.

– Eit ønskemål er over tid å tredoble dagens nivå på grunnløyvinga, seier Aall.

Tilpassing framleis ein vetlebror

Det store biletet for klimaforskinga i Noreg, inkludert forsking på fornybar energi, i hovudsak går til forsking på utsleppsreduksjon. Berre mellom 2 og 3 prosent av midlane går til forsking på klimatilpassing. Dette bekymrar Aall.

– Det er paradoksalt av to grunnar: Samfunnet betalar alt store summar for klimarelaterte naturskadar. I tillegg veit vi at det vil stramme seg kraftig til når klimaendringane skyt fart, seier Aall.

I tillegg til Vestlandsforsking sin nye direktør, Anne Karin Hamre, møtte Hoel både Carlo Aall og Eivind Brendehaug frå senterleiinga i Noradapt, i tillegg til forskingsleiarane ved instituttet, Halvor Dannevig (klima og miljø) og Ivar Petter Grøtte (teknologi og samfunn).