Sjå opptak av webinara våre

Noradapt arrangerer opne webinar der forskarar deler nytt frå prosjekt og publikasjonar. Får du ikkje med deg eit webinar, kan du finne opptak av Noradapt-timen på nettsida vår og sjå dei seinare.

Opptaka av Noradapt-timen blir lagt ut på nettet kort tid etter webinaret. For å finne dei, gå til fana “Formidling” i toppmenyen og klikk på “Noradapt-timen”.

Gå direkte til opptaka

noradapt-timen hausten 2023 og vinteren 2024

Benjamin Sovacool, University of Sussex

Benjamin Sovacool, professor i energiteknikk ved University of Sussex og medlem av Noradapt sitt internasjonale vitskaplege råd, er med i forskingsprosjektet “Geo-engineering and negative emissions pathways in Europe” (Genie), som pågår fram til 2027. Her er klimafiksing temaet, det vil seie industrielle måtar å fjerne karbon frå atmosfæren på eller manipulere sollys for å påverke klimaet på jorda. Sovacool orienterte om dette i Noradapt-timen 10. januar 2024.

Noradapt-timen har også tidlegare hatt Sovacool som gjest. I dette webinaret, sendt 26. januar 2022, introduserte han forskingsprosjektet og tematikken. Du kan lese omtalen her og sjå opptak av webinaret.


Siri Veland, Norce

Siri Veland er samfunnsgeograf og forskar ved Norce. I Noradapt-timen 23. november snakka ho om tre lag av sårbarheit overfor klima- og miljøendringar.

Dette er eit tema frå den kommande fagboka «Handbook on Climate Change Vulnerability, Environments and Communities» (Edgar publishing, 2024), som samlar nye og alternative perspektiv på klima og sårbarheit frå heile verda. I eit bokkapittel Veland har skrive saman med kollegaer ved NTNU og Nordlandsforskning, står omgrepet sårbarheit overfor klima- og miljøendringar i fokus, som ein del av tilnærminga til fysisk klimarisiko.

Forskinga som ligg til grunn, er knytt til EU-prosjektet SEQUAL og NFR-prosjektet OutGen, som begge har eit kjønnsperspektiv på utmarksressursane i nord, og baserer seg på intervju og teoriutvikling.


Julien Vollering, HVL


Julien Vollering
er postdoktor ved Institutt for miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal og forskar på myrer gjennom forskingsprosjektet Repeat.

I Noradapt-timen torsdag 2. november presenterte han ny forsking på myrene sitt potensial for å lagre karbon.

- Betre kartlegging av myr og torvmark i Norge er ein føresetnad for at myrer skal være en del av løysinga på klima- og naturkrisene, seier Julien. Dette vil han utdjupe i Noradapt-timen.


Anatoly Sinitsyn, som er forskar ved Sintef, presenterte 31. august forsking på korleis kulturarven på Svalbard kan rustast mot påkjenningar knytt til klimaendringane.

Anatoly Sinitsyn, Sintef

Forskarane i prosjektet Polar Climate and Cultural Heritage – Preservation and Restoration Management (PCCH-Arctic), som Sinitsyn er leiar for, studerer kulturarven i Longyearbyen og Ny-Ålesund. Desse kolgruvesamfunna har etterlate seg gjenstandar som er ein del av den internasjonale kulturarven og uerstattelege kjelder til historisk informasjon.

Sinitsyn og andre i prosjektet har utvikla ein overordna metodikk for vurdering av naturfare knytt til kulturminne. Denne har dei brukt for å undersøke kulturarven i Longyearbyen og Ny-Ålesund, og Sinitsyn presenterte både metodikken og resultata på webinaret.