Noradapt-timen 23. november: Tre lag av sårbarheit i møte med klima- og miljøkrisene

I Noradapt-timen 23. november møter vi Siri Veland, samfunnsgeograf frå Norce i Bergen. Ho vil snakke om tema frå den kommande fagboka «Handbook on Climate Change Vulnerability, Environments and Communities».

Sårbarheit overfor klima- og miljøendringar står på agendaen når samfunnsgeograf Siri Veland presenterer i Noradapt-timen. Forskinga ho presenterer, er ein del av EU-prosjektet SEQUAL og NFR-prosjektet OutGen. Begge desse prosjekta har eit kjønnsperspektiv på utmarksressursane i nord, og baserer seg både på intervju og teoriutvikling. Kjønnsforsking på utmark handlar bade om å kartlegge kjønnsbalansen i forvaltninga og om å utforske relasjonar og omsorgsroller som ofte blir oversett og ikkje verdsette.

Nye og alternative perspektiv på sårbarheit

I Noradapt-timen vil Siri fortelje om eit kapittel som blir publisert i fagboka “Handbook on Climate Change Vulnerability, Environments and Communities” (Edgar publishing, 2024). Boka skal samle nye og alternative perspektiv på klima og sårbarheit frå heile verda. I kapittelet og i foredraget står omgrepet sårbarheit overfor klima- og miljøendringar i fokus, som ein del av tilnærminga til fysisk klimarisiko. Kapittelet er saman med forskarane Camilla Risvoll (Nordlandsforskning), Stine B. Svendsen (NTNU), Elisabeth Stubberud (NTNU), og Aase Kristine Lundberg (Nordlandsforskning).

Siri Veland frå Norce skal snakke om tre lag av sårbarheit overfor klima- og miljøkrisene i Noradapt-timen 23. november. (Foto: privat)

Tre lag av sårbarheit

Sårbarheit er et begrep som skal representere sannsyn for tap og skade fra hendingar, som naturfarer. Gjennom døme frå skjøtsel av utmarka i Vestland, og relasjonar mellom menneske og rein i Salten, viser Siri til tre lag av sårbarheit overfor klima- og miljøkrisene.

Tertiær sårbarheit er den kategorien av sårbarheit ein vanlegvis tek stilling til. Då handlar det om kartlegging av indikatorar som inntekt, sysselsetting, urfolksstatus, sentrum/periferi og andre faktorar. Sekundær sårbarheit handlar om strukturelle faktorar som sosial ulikskap, rasisme, forvaltningsstrukturar, kolonialisme og anna som hindrar evna til å utøve medverknad. Primær sårbarheit er grunnleggande, og handlar om mellommenneskelege faktorar og andre relasjonelle faktorar som påverkar evna til å ta vare på kvarandre og skjøtte naturen.

- I det den primære sårbarheita blir broten og utmarka ikkje lengre blir skjøtta, gir det utslag på, og blir påverka av, dei andre nivåa av sårbarheit, utdjupar Siri.

For å komme til rota av klimasårbarheit må ein ta stilling til alle dei tre laga eller nivåa. Her vil mellom anna klimatenester frå kulturarven kome til nytte.

Tidspunkt: 23. november kl. 14-14.30

Zoom-lenke:  https://us02web.zoom.us/j/87002666827