Berekraftig tilpassing var eit tema på Arendalsuka i august, då Noradapt, Sintef og Grønn Byggallianse inviterte til eit felles arrangement om korleis vi kan få fart på arbeidet med klimatilpassing.
Noradapt-timen: Barrierar for klimatilpassing
Noradapt-timen: Bresmelting, tilgang på ferskvatn og risiko for jøkulhlaup
Forskingsprosjektet Gotheca dreier seg om smeltevatnet som oppstår når isbrear krympar og korleis det verkar inn på områda og næringane rundt breane, m.a. i form av svingande vassføring i elvar og større fare for jøkulhlaup. Kunnskapen frå prosjektet skal gjere det lettare for lokale styresmakter å tilpasse seg framtidas situasjon.





