Arendalsuka 2022: Korleis får vi fart på klimatilpassinga?

Arrangementet “Berekraftig klimatilpassing av det bygde miljø - korleis få fart på arbeidet?” i Bygg Arena Arendal 18. august, i regi av Noradapt, Sintef og Grønn Byggallianse, handla det om utfordringar og mogelegheiter med berekraftig klimatilpassing.

Frå samtalen i Bygg Arena Arendal. Senterleiar Carlo Aall er nr. 3 frå venstre. Foto: Eivind Brendehaug

  • Korleis kjem ein forbi flaskehalsar og barrierar?

  • Kva skal til for å få fart på arbeidet?

Målgruppa var kommunar, på taktisk og strategisk nivå, og avgjerdsstakarar på høgare nivå, i heile klimapolitikkfeltet.

Tre innleiarar frå Noradapt

Dei tre forskarane frå Noradapt si leiargruppe heldt kvar si innleiing:

  1. Kva betyr berekraft i klimatilpassinga? Carlo Aall, Vestlandsforsking og leia av Noradapt

  2. Berekraftig tilpassing i praksis - korleis kome i gang med arbeidet? Hanne Kvitsand, forskar i Sintef og leiargruppa i Noradapt

  3. Norsk klimamonitor – kor langt har vi kome? Eivind Brendehaug, Vestlandsforsking og nestlleiar av Noradapt

  4. Nye krav til klimatilpassing i EUs taksonomi og BREEAM-NOR Katarina Bramslev, dagleg leiar i Grønn Byggallianse

Moderator: Siri Blakstad, konserndirektør i Sintef Community

Korleis kan politikarar bidra?

I tillegg omfatta arrangementet ein halvtimes samtale mellom politikarar og innleiarane om korleis politikarar kan bidra til ei meir berekraftig klimatilpassing. Denne samtalen tok utgangspunkt i at klima- og miljøministeren nyleg kunngjorde at dei startar opp arbeidet med ei ny stortingsmelding om klimatilpasning. Riksrevisjonen sin rapport viste òg nyleg at myndigheitene ikke har iverksett tilstrekkelege tiltak for å klimatilpasse busetnad og infrastruktur.

Sentrale spørsmål var kva for tiltak som var nødvendige for å styrke samfunnet si evne til å tilpasse seg til framtidas klima og korleis myndigheitene kan bidra til å styrke kommunane i arbeidet med klimatilpassing på lokalt nivå, og i tillegg: Kven bør ha ansvaret for å handtere tilpassing til grenseoverskridande klimarisiko?

– Næringslivet har mindre merksemd på behovet for tilpassing til eit klima i endring enn offentleg sektor, seier Eivind Brendehaug, nestleiar i Noradapt.

– Det var et vell av klimaarrangement under Arendalsuka, men som i klimadebatten elles og i klimaforskinga, var temaet klimatilpassing klart i mindretal. Det same gjeld eit kritisk blikk på koplinga mellom klima og berekraft. Difor var det viktig å kome opp med eit arrangement som reindyrkar desse to forholda: Løfte fram klimatilpassinga, og rette eit kritisk lys på klimatilpassing og berekraftig utvikling, seier senterleiar i Noradapt, Carlo Aall.

Meir om arrangementet

Innleiingar:

Carlo Aall

Eivind Brendehaug

Hanne Kvitsand

Katharina Bramslev