Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe var fredag 11. mars på besøk til Vestlandsforsking i samband med eit partiarrangement i Sogndal. Blant dei som møtte statsråden, var Carlo Aall, senterleiar i Noradapt.
I si orientering om kva Noradapt har gjort i dei tre åra sentersamarbeidet har eksistert og kva som blir dei største satsingsområda framover, tok senterleiaren opp kor lite midlar som går til klimatilpassing av den samla potten til klimaforsking: I 2017 var andelen som gjekk til klimatilpassingsforsking berre 2,28 prosent. I 2018 var den 2,34 prosent.
– No har vi halde på med Noradapt i 3 år, og med forsking på klimatilpassing i 10-15 år, og vi opplever det som utfordrande at klimatilpassing framleis er ein vetlebror i forsking og politikk, sa Aall.
Overraska over tala
Opplysninga om kor liten “vetlebroren” i norsk klimaforsking er, målt i tildelte forskingsmidlar, fekk Ola Borten Moe til å reagere. Då ordet vart hans, tok han oppatt tråden frå Aall sitt innlegg.
– Eg har veldig stor tru på det som går på klimatilpassing, og synst det var tankevekkande å høyre at ein så liten del av midlane til klimaforsking går til klimatilpassing, sa statsråden.
Han utdjupa at uansett kor godt Noreg lukkast med å kutte klimagassutslepp, blir vi nøydde til å førebu samfunnet på konsekvensar av klimaendringar, ettersom vi har få garantiar for at andre land i verda vil greie å oppfylle sine klimakutt.
– Eg synst klimatilpassing er ein veldig konstruktiv og riktig samtale å ha, sa Ola Borten Moe.
Ønskjer opptrapping
Senterleiaren var oppløfta av at statsråden beit seg merke i skeivfordelinga. I innlegget sitt nemnde han òg senterleiinga sin opptrappingsplan. Med auka ressursar ville senteret mellom anna satse meir på å trekke næringslivet inn i forskinga, styrke forskarutdanninga i Noradapt og vidareutvikle tenesta Norsk klimamonitor, som vart skipa i 2021, sa Aall.