Vellykka klimakonferanse

Konferansen #Klimaomstilling2022 i Sogndal vart ein stor suksess. - Tematisk sett traff vi blink med matsikkerheit og energiomstilling, trur Tone Rusdal ved Vestlandsforsking, som hadde ansvar for gjennomføringa.

Spenninga var stor blant arrangørane etter to år med digital utgåve av konferansen #Klimaomstilling. Ville mange nok melde seg på? Og ville det tekniske fungere, etter to år med konferanse via skjerm? Bekymringane fordufta fort.

- Vi arrangørane synst både konferansen og ekskursjonen i forkant gjekk heilt strålande. Vi fekk ei påminning om kor tilfredsstillande det er å samlast i eit rom for å dele kunnskap og diskutere aktuelle tema, seier arrangør Tone Rusdal ved Vestlandsforsking. Ho har hatt ansvaret for å planlegge og gjennomføre to digitale utgåver av konferansen på vegner av Noradapt, Vestlandsforsking og ein brei, regional partnarskap på klimaområdet som inkluderer Noradapt-partnarar som Høgskulen på Vestlandet og Senter for klima og energiomstilling.


Spenning rundt deltakartal

Heilt fram til veka før konferansen var det spenning knytt til kor mange som faktisk kom til å delta. Arbeidsreiser såg ut til å sitje lengre inne enn før, og påmeldinga gjekk trått. Men då konferansen starta, kunne arrangementskomiteen slå fast at deltkartalet vart heilt akseptabelt, gitt forholda: Til saman deltok 125 personar på konferansen.

- Det er heilt klart blitt vanskelegare å trekke folk enn før, seier Tone Rusdal. Ho trur dei mange digitale konferansane under pandemien har heva terskelen for å reise på fysisk konferanse.

- Mange vegrar seg tydelegvis òg for å binde seg til ein heil konferanse, seier Rusdal.

Ho legg til at sjølv om konferanseformatet i år var fysisk, la arrangørane godt til rette for å reise til og frå Sogndal med klimavenleg kollektivtransport. Ekskursjonen var til dømes lagt opp slik at starttida i Aurland passa for dei som kom frå Bergen eller Oslo med tog eller buss. Konferansen donerer òg ei gåve på 10.000 kr til Regnskogfondet.

Redda av brennheite tema?

At konferansen likevel vart så vellukka for dei som var til stades, skuldast nok både godt arrangør-handverk, litt flaks i valet av tema for årets konferanse og heldige val av innleiarar. Dag 1 handla om matsikkerheit, og innleiarar som Inge Nordang (tidlegare FAO), Arne Bardalen (Nibio), Sissel Rogne (Havforskningsinstituttet) og Anna Birgitte Milford (Nibio) heldt tankevekkande innlegg om global og norsk matsikkerheit og om korleis vi bør ete i framtida for at alle skal få.

I ein av parallellsesjonane var biokol, matredding og livsløpsanalysar av matvarer tema, medan kartlegging av giftbomber i lys av klimaendringane, nye råvarer til dyrefôr og småskala grønsaksproduksjon var tema i nabolokalet.

På dag 2 var energiomstilling temaet, og Olav Karstad Isachsen (NVE), Torjus Bolkesjø (NMBU) og Marius Korsnes (NTNU) snakka om viktige problemstillingar knytt til energieffektivisering, omstilling på energiområdet og sosiale verknader av energi- og klimatiltak.

Kompost, biokol og matredding

Ekskursjonen på konferansen sin første dag gjekk til Aurland, Lærdal og Kaupanger. Deltakarane fekk ei innføring i korleis Sogn Jord- og Hagebruksskule komposterer i stor skala og korleis lærdalsbønder utnyttar det milde klimaet mellom fjella til mellom anna aprikos- og ferskendyrking. Sirkularitet var òg temaet på ViteMeir, der Kristin Myhra Sæterdal delte ut larvebrownies og tørka larvesnacks til nyfikne deltakarar.

Påtroppande direktør Dagny U. Alvik i renovasjonsselskapet Simas fortalde om arbeid med kompost, biokol og matredding. Turen vart runda av på SmakeMeir, med ein berekraftig trerettars middag basert på råvarer frå Sogn. Her deltok 32 personar, mellom dei heile Klimaetaten i Bergen kommune.