Noradapt legg stor vekt på å auke brukarrelevant kunnskap om korleis samfunnet best kan tilpasse seg klimaendringar. Eit eige brukarpanel skal hjelpe oss med å vere tett kopla til kunnskapsbehovet der ute.
Sjå opptak av webinara våre
Noradapt-timen 10. januar: Er "klimafiksing" ein reell utveg?
Det finst industrielle måtar å fjerne karbon frå atmosfæren på eller manipulere sollys for å påverke klimaet på jorda, men er det sannsynleg at vi kjem til å ta i bruk denne teknologien som ein utveg frå klimakrisa, og er det lurt? I Noradapt-timen 10. januar møter vi Benjamin Sovacool, professor i energiteknikk ved University of Sussex og medlem av Noradapt sitt internasjonale vitskaplege råd, som for tida er med i eit større EU-prosjekt om dette temaet.