Fleire utgåver av arrangementet Klimathon har fått støtte frå Noradapt opp gjennom åra. Arrangørane kallar det eit slags “hackathon” der ein møtest på tvers av fag. Kva er dette slags arrangement?
Utvikla metode for å analysere nasjonal klimasårbarheit
Forskarar frå Vestlandsforsking jobba i haust fram ein metode for å analysere risiko og sårbarheit for klimaendringar på nasjonalt nivå. Metoden skal takast i bruk av direktorata til å gjennomføre ei kartlegging over tre år, og forskarane håpar resultatet blir at ressursane kan brukast meir målretta og effektivt.
Europeisk klimatilpassings-konferanse i juni
Den europeiske konferansen for klimatilpassing finn stad i Rimini i Italia frå 16. til 18. juni 2025. Vil du halde ein sesjon på konferansen, må du sende inn søknad før 24. februar.
NOCCA 2025: Rovaniemi i Finland
Den nordiske klimailpassingskonferansen NOCCA 2025 finn stad i Rovaniemi. Datoen for konferansen er 14.-15. mai. Arrangørane ber no om innsending av forslag til akademiske bidrag, med frist 31. januar.
Senterleiar Aall: - Eit godt datagrunnlag betyr svært mykje
Nyleg besøkte ein delegasjon frå Kartverket Noradapt i Sogndal. Der utveksla deltakarane mellom anna synspunkt på datagrunnlaget som blir brukt når ein undersøker korleis det går med klimatilpassing i kommunane.
Populærvitskapleg artikkel: “Nå vet vi hvor tykk Norges største isbre er”
Forskarane Mette Kusk Gillespie ved Høgskulen på Vestlandet og Liss M. Andreassen i NVE har publisert den populærvitskaplege artikkelen “Nå vet vi hvor tykk Norges største isbre er” på forskersonen.no.
Kronikk: "Nytt verktøy gjør det lettere å sammenligne klimatilpasningstiltak"
Eit nytt verktøy for vurdering av naturbaserte løysingar kan hjelpe kommunane til å ta betre avgjerder i spørsmål knytt til klimatilpassing. Kyrre Groven i Noradapt skriv om dette i ein kronikk i Kommunal Rapport saman med fire andre.
Tilleggsfôring endrar dei økonomiske vilkåra for reindrifta
Vintrane endrar seg og ulike typar beitekrise blir vanlegare. Dette gjer at reindrifta tvinges til å tilleggsfôre, men denne praksisen fører med seg ei rekke nye kostnader reindrifta ikkje er rigga for.