Eit nytt verktøy for vurdering av naturbaserte løysingar kan hjelpe kommunane til å ta betre avgjerder i spørsmål knytt til klimatilpassing. Kyrre Groven i Noradapt skriv om dette i ein kronikk i Kommunal Rapport saman med fire andre.
Kronikkforfattarane er, i tillegg til seniorforskar Kyrre Groven ved Vestlandsforsking, Edvard Sivertsen i Sintef, Stine Bjerga Haga og Hugo Kind i Stavanger kommune.
Kronikken frå 28. oktober 2024 byggjer på prosjektet Bærekraftsanalyse av klimatilpasningstiltak i Rogaland der deltakarane utvikla eit rammeverk for å vurdere korleis klimatilpassingstiltak svarar på ei lang rekke lokale mål som er kopla til berekraftsmåla.