Utvikla metode for å analysere nasjonal klimasårbarheit

Forskarar frå Vestlandsforsking jobba i haust fram ein metode for å analysere risiko og sårbarheit for klimaendringar på nasjonalt nivå. Vi håpar Noreg kan få ei betre forståing av kva område som treng mest merksemd, slik at ressursane kan brukast på ein meir målretta og effektiv måte, seier leiande seniorforskar Halvor Dannevig ved Vestlandsforsking.

Nyleg la Vestlandsforsking fram ein rapport der dei føreslår ein metode for korleis ein kan gjennomføre ein nasjonal klimasårbarheitsanalyse. Metoden er utvikla på oppdrag frå Miljødirektoratet og gir eit systematisk rammeverk for korleis ein kan identifisere og analysere ulike former for klimarisiko og gjere prioriteringar.

Høg vannstand etter kraftig nedbør i Odda. Foto: Christine Fagerbakke, Havforskningsinstituttet

Gjennomføring dei neste tre åra

Det er forskarane Halvor Dannevig, Synnøve Beitnes og Bror Tandberg som står bak rapporten.

– Sjølv om me er blitt bedne om å kalle dette for «klimasårbarheit», brukar me FN sitt klimapanel sin definisjon av klimarisiko, seier Halvor Dannevig, som er leiande seniorforskar og forskingsleiar for klima- og miljøgruppa ved instituttet.

– Omgrepa heng saman, men det er helst «klimarisiko» som blir brukt som rammeverk i den internasjonale litteraturen no.

I neste omgang skal sjølve analysen gjennomførast av Miljødirektoratet. Det skal gå føre seg i nært samarbeid med dei andre direktorata over dei neste tre åra.

– Analysen er avgjerande for å kunne utforme effektive tiltak som kan redusere sårbarheit og eksponering i samfunnet vårt, både på kort og lang sikt, og som grunnlag for den komande stortingsmeldinga om klimatilpassing, seier Dannevig.

Gir ei nasjonal oversikt

Føremålet med rapporten er å gje ei nasjonal oversikt over kor utsett viktige sektorar i samfunnet er for klimaendringar. Klimaendringane er komplekse; både klimafarar og andre farar kan påverke og forsterke kvarande.

Bror Kristian R. Tandberg er forskar ved Vestlandsforsking.

– Klimarisiko er meir enn berre framtidige klimaendringar. Endringar i samfunnet som påverkar kor utsett og kor godt rusta me er for klimaendringar er òg avgjerande, seier forskar Bror Kristian Ranaas Tandberg.

Metoden foreslår ein strukturert gjennomgang av sektorane helse, mat, infrastruktur og natur- og kulturmiljø for å gi ein nasjonal oversikt over dei største risikoane me står overfor. Dette skal gi statlege myndigheiter, men også kommunar og fylkeskommunar, betre kunnskapsgrunnlag for å kunne ta informerte avgjerder om tiltak for å redusere risikoen og auke motstandskrafta.

Pilotstudie

Forskarane har skissert ein omfattande analyse. Dei har òg testa delar av metoden i ein pilotstudie av korleis kulturmiljøet i Noreg blir påverka av framtidas klima. Eit døme er beiteområde.

Forskar Synnøve S. Beitnes, Vestlandsforsking

– Klimaendringar vil kunne forringe kvaliteten på beiteområdet, noko som blir forsterka når det blir mindre lønsamt å ha dyr på beite. Det vi opplever av endringar både i klima og samfunn, påverkar i sin tur område som matsikkerheit, biologisk mangfald og folkehelse, fortel forskar Synnøve S. Beitnes.

Forskarane seier òg at ein vesentleg del av arbeidet deira har handla om å definere omgrep. Einigheit om definisjonar er vesentleg for å kunne arbeide med ein slik komplisert tematikk.

– Me har halde oss til definisjonane brukt av FNs klimapanel, kjende ISO-standardar og liknande analysar gjennomført i andre land, fortel Dannevig.

Må starte med risiko

Metoden gir eit system for å vurdere og rangere klimarisiko, noko som gjer det lettare å identifisere kva for område som er mest utsette og kva for tiltak som bør prioriterast først.

Med denne nye metodikken håpar forskarane at Noreg kan få ei betre forståing av kva for område som treng mest merksemd, slik at ressursane kan brukast på ein meir målretta og effektiv måte. På sikt kan dette bidra til at samfunnet blir betre rusta til å møte dei utslaga av klimaendringane som alt er her eller er på veg.

– Me har starta litt i feil ende i arbeidet med klimatilpassing i Noreg, ved at me har prøvd å sjå kva for tilpassingar me kan gjere til ulike farar som dukkar opp, seier Dannevig.

Det Noreg no får, er ein strukturert gjennomgang av ulike typar risiko – og med det, eit godt overblikk over det vi har føre oss.

– Det kjem godt med for å kunne prioritere innsatsen framover.