Fleire utgåver av arrangementet Klimathon har fått støtte frå Noradapt opp gjennom åra. Arrangørane kallar det eit slags “hackathon” der ein møtest på tvers av fag. Kva er dette slags arrangement?
Skape kunnskap i lag
“Klimathon er en hackathon-inspirert forskningsmetode for samproduksjon av klimakunnskap”, skriv Norce. Ein annan stad heiter det “et digitalt samarbeidsverksted for klimatilpasning”. Klimathon vart første gong arrangert i Bergen i 2018, så igjen i 2019, før pandemien gjorde det nødvendig med ein digital versjon i 2020. Seinare har det vore eit Klimathon på Voss i 2022 der naturbaserte løysingar i klimatilpassinga stod i fokus og ei utgåve med vekt på kulturarv og kulturbaserte løysingar på nydelege Haugesund folkebibliotek i 2024.
Her kan du få eit innblikk i korleis Klimathon arta seg i 2024:
lese meir om Klimathon?
- Klimathon er eit slags leirbål (Noradapt-nettsak frå desember 2022)
Rapport frå Klimathon 2024, Norce (kjem)