Tilpassar arktiske bygningar til nye klimaforhold

Temperaturar og vêrforhold i arktiske område endrar seg raskt. HYBES-prosjektet utforskar korleis bygningar i dette krevjande miljøet kan tilpasse energibruken for å møte klimamål og handtere eit skiftande klima.


Interreg-prosjektet HYBES (Hybrid energy solutions for buildings and infrastructure) har som mål å utvikle metodar som gjer det mogleg for bygningar å produsere like mykje energi som dei forbrukar, og slik auke energieffektivitet og berekraft.

– Ei slik utvikling er naudsynt for å forebygge og tilpasse seg eit raskt skiftande klima i dei nordlegaste områda, seier Bjarne Lindeløv, forskar ved Nordlandsforskning og prosjektleiar for HYBES. 

Prosjektet blir leia av Nordlandsforsking og samlar partnarar frå Noreg, Sverige, Færøyane, Island og Irland. Eit sentralt fokus er å utvikle fleksible, fornybare energiinfrastrukturar, særleg tilpassa arktiske område, for å hjelpe byar med å nå klima- og energimåla sine.

Bjarne Lindeløv, forskar ved Nordlandsforskning og prosjektleiar for HYBES. 

– Infrastrukturen vi har i dag, vil ikkje tole framtidas energibehov. Med auka press for at byene skal bli økosystem med null utslepp, treng vi lokale løysingar som samfunnet raskt kan ta i bruk, seier Lindeløv. 

– Men vi treng meir bevisstheit og kunnskap for å kunne gjennomføre endringar. Her kjem HYBES inn.

I tillegg til Nordlandsforskning deltar Cork County Council, University College Cork - the National University of Ireland og Secure and Fix It Enterprises T/A NCE Insulation frå Irland, Umeå kommune og Umeå universitet frå Sverige, Energimyndigheten frå Island, Miljødirektoratet frå Færøyene og Bodø kommune frå Norge i prosjektet.

Startskotet for HYBES gjekk i 2023 og prosjektet varar til starten av 2026.