NOCCA 2025: Rovaniemi i Finland

Den nordiske klimailpassingskonferansen NOCCA 2025 er lagt til Rovaniemi.

Konferansen finn stad 14.-15. mai i Lappia Hall i Rovaniemi i Finland. Dette er den sjuande nordiske konferansen om klimatilpassing. Finnane har valt å kople konferansen til presidentskapet sitt i Nordisk ministerråd.

Ber om innsending av bidrag

Arrangørane ber dei som ønskjer å stille med akademiske bidrag på konferansen om å sende inn abstract innan 31. januar 2025.

  1. Vippepunkt for økosystema i Norden og sosiale grenser for klimatilpassing i dei nordiske samfunna

  2. Lokalsamfunn, urfolk og kulturar i eit Arktis under rask oppvarming

  3. Generasjonsperspektiv og ungdom sitt perspektiv på klimarisiko og grenser for klimatilpassing

  4. ‘Transformational adaptation’ og bekymringar knytt til rettferd og klimatilpassing

  5. Grenseoverskridande klimarisiko og klimatilpassingsinnsats i den nordiske konteksten

  6. Klimatryggleik – eit nytt klima og ein ny nordisk og europeisk tryggingssituasjon

Du kan sende inn posterforslag, munnlege presentasjonar og forslag til sesjonar. På denne sida finn du detaljar om innsending.