Noradapt-leiar Carlo Aall skreiv 20.april ein kronikk i Nationen si fagspalte “Faglig snakka” om kvifor det er nødvendig med ein byggestopp av omsyn til klimaet. Dag O. Hessen og Vigdis Vandvik ved UiO og UiB var medforfattarar
Noradapt-timen: Bresmelting, tilgang på ferskvatn og risiko for jøkulhlaup
Forskingsprosjektet Gotheca dreier seg om smeltevatnet som oppstår når isbrear krympar og korleis det verkar inn på områda og næringane rundt breane, m.a. i form av svingande vassføring i elvar og større fare for jøkulhlaup. Kunnskapen frå prosjektet skal gjere det lettare for lokale styresmakter å tilpasse seg framtidas situasjon.