Onsdag 10. januar møtte Noradapt Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet i Oslo. - Eit godt og nyttig møte, seier Noradapt-leiar Carlo Aall.
Kva er brukarpanelet til Noradapt?
Sjå opptak av webinara våre
Noradapt-timen 10. januar: Er "klimafiksing" ein reell utveg?
Det finst industrielle måtar å fjerne karbon frå atmosfæren på eller manipulere sollys for å påverke klimaet på jorda, men er det sannsynleg at vi kjem til å ta i bruk denne teknologien som ein utveg frå klimakrisa, og er det lurt? I Noradapt-timen 10. januar møter vi Benjamin Sovacool, professor i energiteknikk ved University of Sussex og medlem av Noradapt sitt internasjonale vitskaplege råd, som for tida er med i eit større EU-prosjekt om dette temaet.
Noradapt-timen 23. november: Tre lag av sårbarheit i møte med klima- og miljøkrisene
Klimathon 2022 oppsummert i rapport
Vil du få nyheitsbrev frå Noradapt?
I haust lanserer Norsk senter for berekraftig klimatilpassing eit nyheitsbrev om tilpassing til klimaendringar.
– Vi er inne i ei tid prega av ekstremvêr og dramatiske naturhendingar. Nyheitsbiletet i sommar har vist kor viktig det er at vi held trykket på førebygging oppe, seier senterleiar Carlo Aall.
Noradapt-timen 2. november: - Norske myrer bør setjast på kartet for utsleppskutt
I Noradapt-timen torsdag 2. november presenterer Julien Vollering frå Høgskulen på Vestlandet ny forsking om myrene sitt potensial for å lagre karbon. - Betre kartlegging av myr og torvmark i Norge er ein føresetnad for at myrer skal vere ein del av løysinga på klima- og naturkrisene, seier forskaren.