Tre av Noradapt-partnarane har gjennomført ein studie av barrierar for klimatilpassing på lokalt og regionalt nivå. I Noradapt-timen 26. august får du høyre meir om funna i rapporten Vestlandsforsking, Cicero og Nordlandsforsking har levert til Miljødirektoratet.
Noradapt-timen: Bresmelting, tilgang på ferskvatn og risiko for jøkulhlaup
Forskingsprosjektet Gotheca dreier seg om smeltevatnet som oppstår når isbrear krympar og korleis det verkar inn på områda og næringane rundt breane, m.a. i form av svingande vassføring i elvar og større fare for jøkulhlaup. Kunnskapen frå prosjektet skal gjere det lettare for lokale styresmakter å tilpasse seg framtidas situasjon.






